Otto Nielsen

norsk programredaktør

Otto Nielsen (19. juni 19099. oktober 1982) var ein norsk programleiar, programredaktør, songar, komponist og viseforfattar. Under den andre verdskrigen dreiv Otto Nielsen med illegalt arbeid og vart teken til fange i 1943 og plassert i konsentrasjonsleiren Grini utanfor Oslo. Han var redaktør i NRK sitt populære radioprogram «Søndagsposten» i 22 år. I den perioden fekk han fram mange nye visekunstnarar, mellom andre Erik Bye, Alf Prøysen, Birgitte Grimstad, Vidar Sandbeck, Lars Klevstrand, Stein Ove Berg, Kari og Ola Bremnes. Saman med søster si, Gerd, danna Otto Nielsen songgruppa Gerd og Otto. Dei debuterte som duo på eit arrangement for Bjørnsonforbundet på Trøndelag teater i 1930 og spela inn 21 78-plater[1] i perioden 1934 til 1955. I 1982 gjorde dei nyinnspelingar av ein del songar på LP-plata Svanesang i stereo (Polydor). Otto Nielsen vart tildelt juryen sin heiderspris under Spellemannprisen 1975. Han vann i tillegg Leonardstatuetten i 1979.

Otto Nielsen

StatsborgarskapNoreg
Fødd19. juni 1909
Trondheim
Død

9. oktober 1982 (73 år)
Oslo

Yrkelåtskrivar
EktefelleElsa Ramberg
BornAtle Nielsen, Ann-Cathrin Ramberg

I 1980 fekk han Alf Prøysens Ærespris.

Referansar

Bakgrunnsstoff