One of Us Must Know (Sooner or Later)

One of Us Must Know (Sooner or Later)
Singel av Bob Dylan
frå albumet Blonde on Blonde
B-side

«Queen Jane Approximately»

Språkengelsk
Utgjeve14. februar 1966
Innspelt25. januar 1966
SjangerFolkrock
Lengd4:54
SelskapCBS
KomponistBob Dylan
TekstforfattarBob Dylan
Låtskrivar(ar)Bob Dylan
ProdusentBob Johnston
Bob Dylan-kronologi 
«Can You Please Crawl Out Your Window?»
(1965)
One of Us Must Know (Sooner or Later)«Rainy Day Women #12 & 35»
(1966)


«One of Us Must Know (Sooner or Later)» er ein song skriven og framført av Bob Dylan på albumet hans Blonde on Blonde frå 1966. Han vart spelt inn seint i 1965 i New York med medlemmer frå The Band (då kalla The Hawks). Songen var ein av to songar frå denne innspelinga som vart nytta vidare. Den andre var «Can You Please Crawl Out Your Window?», som vart gjeven ut som singel i 1965. Denne songen er ei kjenslemessig tilståing av mistydingar og unnskyldningar frå songaren til ei kvinne som på tragisk måte har kome bort frå han. Songen vart gjeven ut på singel og nådde 33. plass på den britiske singellista,[1] men nådde berre 119. plassen på den amerikanske Billboard's Bubbling Under-lista.

Bakgrunn

I følgje Jonathan Singer var det Paul Griffin som spelte piano på «One of Us Must Know (Sooner or Later)».[2]

Andre versjonar

Ein Phil Spector-aktig versjon av songen vart gjeven ut av Les Fradkin på If Your Memory Serves You Well (2006).[3]

Mick Hucknall spelte inn songen i 2012 på samlealbumet Chimes of Freedom: The Songs of Bob Dylan Honoring 50 Years of Amnesty International.

Norsk versjon

Tom Roger Aadland skreiv og framførte ein norsk tekst til songen, kalla «Før eller seinare (må ein av oss forstå)» på albumet Blondt i blondt i 2016.

Kjelder