Solskjær debuterte for Clausenengen som 17-åring. For Clausenengen laga han 115 mål på 109 kampar. Siste året i Clausenengen i 2. divisjon skora han 31 av laget sine 47 mål, før han vart henta av Åge Hareide og Molde i 1994 for 200 000 kr. Solskjær skora 21 mål for Molde første året i klubben og vart òg teken ut i landslagstroppen. Etter halvtanna år i Molde vart han henta av Alex Ferguson til Manchester United, der han spelte frå 1996/97-sesongen til 2007/2008-sesongen. Totalt skora han 115 mål på 329 kampar for Manchester United.
27. august2007 la Solskjær opp grunna kneskader. Kneskaden har vore under operasjon sju gonger. Solskjær spelte til saman 67 landskampar og skora 23 mål for Noreg.
Solskjær har no starta som fotballtrenar i Molde Fotballklubb, der han har gjort ein svært god sesong til noverande tidspunkt.
Den 24. oktober 2008 vart det kunngjort at H. M. Kongen hadde utnemnt Ole Gunnar Solskjær til riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for hans tyding som rollemodell. Ordensoverrekkinga vart gjort ved kansellisjef Egil Vindorum 25. oktober 2008 i Kristiansund.