Olaf Scholz

tysk politikar

Olaf Scholz (fødd 14. juni 1958) er ein tysk politikar frå Osnabrück.[1] Han har sidan 8. desember 2021 vore forbundskanslar i Tyskland, medlem i SPD.[2][3]

Olaf Scholz

Fødd14. juni 1958 (66 år)
Osnabrück
Statsborgar avTyskland
PartiSozialdemokratische Partei Deutschlands (1975)
Yrkepolitikar, advokat
InstitusjonarZentralverband der deutschen Konsumgenossenschaften
Utdanna vedUniversitetet i Hamburg
MorChristel Scholz
FarGerhard Scholz
EktefelleBritta Ernst
Alle verv
  • Tysklands sosial- og arbeidsminister (2007–2009)
  • Førsteborgermester (Hamburg) (2011–2018)
  • medlem av Forbundsdagen (1998–2001)
  • medlem av Forbundsdagen (2002–2005)
  • medlem av Forbundsdagen (2005–2009)
  • medlem av Forbundsdagen (2009–2011)
  • Innensenator (Hamburg, 2001–2001)
  • Medlem av Hamburgs 21. parlament
  • generalsekretær i SPD (2002–2004)
  • Tysklands finansminister (2018–2021)
  • fullmektig for fransk-tyske kulturforhold (2015–2018)
  • medlem av Forbundsdagen (2021–)
  • Liste over Tysklands visekanslere (2018–2021)
  • forbundskansler i Tyskland (2021–) Sjå dette på Wikidata

Liv og virke

Bakgrunn

Olaf Scholz vart fødd i Osnabrück, og hadde sin barndom i Hamburg.[4] Faren hans arbeidde seg opp frå seljar til dagleg leiar i tekstilbransjen. Foreldra og besteforeldra som var jarnbanetilsette, kom frå Hamburg.[5] Scholz er utdanna jurist, og fekk advokatløyvet i 1985. Hans spesialfelt er arbeidsrett.

Scholz er gift med Britta Ernst, utdanningsminister i Brandenburg.

Karriere

Scholz vart medlem av SPD i 1975, og var aktiv i ungdomsorganisasjonen Jusos, blant anna som føderal nestleiar (1982–1988). Han var leiar for SPD i Hamburg frå 2000 til 2004, og vart valt inn i det føderale styre til SPD i 2001. Frå 2005 til 2007 var Scholz parlamentarisk forretningsførar for SPDs Forbundsdagsfraksjon. Frå mai til oktober 2001 var han senator for innanrikssaker i bystaten Hamburg.

Scholz var medlem av den tyske forbundsdagen frå 1998 til 2001, og på ny frå 2002. Han var generalsekretær i SPD frå oktober 2002 til mars 2004, forbundsminister for arbeids- og sosialsaker frå november 2007 til oktober 2009 og ordførar i Hamburg frå mars 2011 til mars 2018. Perioden februar-april 2018 var han mellombels partileiar i SPD. Den 14. mars 2018 vart han utnemnd til finansminister i Forbundsrepublikken Tyskland, samstundes også visekanslar for Angela Merkel. Scholz hadde desse posisjonane han til i desember 2021 aksla rolla som tysk forbundskanslar.[3][6]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Olaf Scholz