Oddvar Hansen

norsk fotballspelar

Oddvar Hansen (11. april 192131. mars 2011) var ein norsk fotballspelar og trenar for SK Brann.

Oddvar Hansen
Personleg informasjon
Fødd11. april 1921
FødestadBergen
Død31. mars 2011
DødsstadBergen
Høgd180 cm
PosisjonBack
Nummer5
Ungdomsklubbar
1940NoregSK Brann
Seniorkarriere*
ÅrLagKampar (Mål)
1940-1956Noreg SK Brann238 (38)
Landslag
1948-1954Noreg Noreg19 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 18. april 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 18. april 2011

Hansen voks opp i Bergen, og tok til å spela for SK Brann i 1940. Han vart verande hjå Brann i heile karrieren sin, og fekk til saman 238 kampar for klubben. I 1948 spelte han sin fyrste landskamp, og han var med på landslaget heilt til 1954. Mellom anna spelte han under Sommar-OL 1952.

Hansen overtok som trenar for Brann i 1955 etter George Ainsley. Han trente laget i tre periodar: 1955-57, 1960-63 og 1965-68. Frå 1960 - 63 leidde han klubben til seriegull både i Hovudserien 1962 samt gull i 1. divisjon herrefotball 1963. I tillegg sat Hansen i fleire periodar i styret til Brann.

Hansen vart også noregsmeister i bordtennis i 1947.

Kjelder

Bakgrunnsstoff