Nildeltaet
Nildeltaet er eit breitt elvedelta som ligg nord i Egypt, der Nilen spreier seg før ho renn ut i Middelhavet. Deltaet er eitt av dei største i verda. Det strekker seg frå Alexandria i vest til Port Said i aust, og utgjer over 230 km av middelhavskysten. Lengda frå Middelhavet i nord til sørenden nord for Kairo er rundt 160 kmDeltaet sett ovanfrå er bogeform, som ein trekant eller ei vifte. Det er eit rikt jordbruksområde med tett folkesetnad.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/3e/Egypt.NileDelta.01.jpg/220px-Egypt.NileDelta.01.jpg)
Nildeltaet har eit subtropisk klima med svært lite regn. Gjennomsnittleg årleg nedbør er 100-200 mm, der mesteparten fell i vintermånadene. Vintertemperaturen ligg vanlegvis mellom 5 °C og 10 °C. Temperaturkurva i juli-august når gjennomsnittleg 30 °C, men er målt opp til 48 °C.
Kjelder
🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landCarles PuigdemontSpesial:SøkSpesial:Siste endringarWikipedia:AtterhaldJonsokKrøllalfaPer PaustAndre verdskrigenBieMidsommarØresundbruaDet norske alfabetetGro Harlem BrundtlandBelgiaMastodontWikipedia:KontaktWikipediaLønnSvartifossIngerid StenvoldNasjonaldyrKleopatraVM i fotball 2022IslandEM i fotball 2024Google MapsTidvasskraftEM i fotball 2021TysklandFrankrikeRusslandNoregTrygve Slagsvold VedumN'Golo KantéJa, vi elsker dette landetEuropaTete Lidbom