Nicky Hopkins

Nicholas Christian «Nicky» Hopkins (24. februar 19446. september 1994) var ein engelsk pianist og organist.

Nicky Hopkins

Fødd24. februar 1944
FødestadStor-London
Død7. september 1994 (50 år)
DødsstadNashville
OpphavHarlesden, London
Aktiv1960-åra – 1985
SjangerRock
InstrumentTangentinstrument (piano, orgel, cembalo, mellotron)
Tilknytte artistarThe Rolling Stones, The Who, The Beatles, Jeff Beck, Neil Young, Jefferson Airplane, The Kinks, Quicksilver Messenger Service, Jerry Garcia Band, Mark-Almond Band, Sweet Thursday
PlateselskapFontana
Verka somStudiomusikar

Han spelte med mange av dei viktigaste britiske og amerikanske musikkgruppene på 1960- og 1970-talet, og vert ofte trekt fram som ein av dei viktigaste studiomusikarane i rockehistoria.

Han vart fødd i London. Han leid av Crohns sjukdom frå han var ung, og dårleg helse hindra han frå å turnere då han vart eldre. Dette var medverkande til at han hovudsakleg fokuserte på å jobbe som studiomusikar.

Hopkins starta musikkarrieren sin tidleg i 1960-åra som pianist for Screaming Lord Sutch's Savages, der òg Ritchie Blackmore, grunnleggjaren av Deep Purple, spelte. Seinare vart han med The Cyril Davies R&B All Stars, eit av dei første britiske rhythm & blues-banda, og spelte piano på den første singelen deira, «Country Line Special».[1]

Han starta karrieren som studiomusikar i London tidleg i 60-åra og vart raskt ein av dei mest nytta pianistane her. Han arbeidde mykje som studiopianist for dei førande britiske, sjølvstendige produsentane Shel Talmy og Mickie Most, og spelte på albuma og singlane til The Kinks, Alun Davies og Jon Mark (seinare i Mark-Almond Band), medan Davies turnerte med Cat Stevens, Donovan og The Rolling Stones. Det største bidraget hans til rockehistoria var truleg det han gjorde med The Rolling Stones. Han spelte på albuma Between the Buttons, Their Satanic Majesties Request, Beggars Banquet og Let It Bleed.

I 1965 spelte han piano på debutalbumet til The Who, My Generation. Han spelte med dei fleste største britiske artistane i 60-åra, mellom andre The Beatles, The Rolling Stones, The Who og The Kinks, samt soloalbum av John Lennon, Jeff Beck og andre. Han var med på å definere «San Francisco-stilen», og spelte på albuma til Jefferson Airplane, New Riders of the Purple Sage og Steve Miller Band. Han var ei kort stund medlem av Quicksilver Messenger Service og spelte med Jefferson Airplane på Woodstockfestivalen.[2]

I 1967 vart han med i The Jeff Beck Group, skipa av tidlegare Yardbirds-gitarist Jeff Beck, med vokalist Rod Stewart, bassist Ronnie Wood og trommis Micky Waller,[3]. I 1968 spelte han òg påiano med den svenske psykedeliske gruppa The Tages på singelen «Halcyon Days», produsert i Abbey Road Studio.

Solokarriere

I 1969 vart Hopkins medlem av det kortvarige Sweet Thursday. Bandet gav ut eitt album. Han spelte med the Rolling Stones på konsertane deira frå 1971 til 1973. I denne perioden starta han sitt eige band, men gav seg raskt med tanken. Dårleg helse gjorde at han ikkje kunne halde fram turnelivet med the Stones, men han klarte ein kort turne med Jerry Garcia Band hausten 1975.[4] Han spelte på platene til the Stones fram til 1980, og på soloplater til Stones-medlemmer fram til 1991.

Hopkins gav ut det andre soloalbumet sitt i 1973, kalla The Tin Man Was a Dreamer. I 1975 kom albumet No More Changes og seinare spelte han inn albumet Long Journey Home, som aldri vart gjeve ut.

Som studiomusikar var Hopkins kjend for å ta songane med lite eller inga øving, og for at han alltid las teikneseriar under innspelingane. Den klassiske Kinks-songen «Session Man» frå Face to Face er tileigna Hopkins. The Kinks-frontmann Ray Davies skreiv nokre minneord i New York Times då Hopkins døydde.

Hopkins døydde 50 år gammal i Nashville i Tennessee av komplikasjonar etter ein mageoperasjon.

Utval av bidrag

  • The Who, «Anyway, Anyhow, Anywhere» (1965)[5], My Generation album (1965), «The Song Is Over» (1971), «Getting In Tune» (1971), «We're Not Gonna Take It [filmutgåve]» (1975), «They Are All in Love» (1975), «Slip Kid» (1975)
  • The Kinks, The Kink Kontroversy (1965), Face to Face (1966), «Mr. Pleasant» (1967), «Village Green» (1968), «Berkeley Mews» (1968)
  • Jeff Beck, «Blues De Luxe», «Morning Dew» (1967), Truth (1967), «Girl From Mill Valley», Beck-Ola (1969)
  • Cat Stevens, «Matthew and Son» (1967), Matthew and Son (1967)
  • Marc Bolan, «Jasper C. Debussy» (1966-7, released 1974)
  • The Rolling Stones, «She's a Rainbow» (1967), «Sympathy for the Devil» (1968), «No Expectations» (1968), «Gimme Shelter» (1969), «Monkey Man» (1969), «Sway» (1970), «Tumbling Dice» (1972), «Torn and Frayed» (1972), albumet Exile on Main St. (1972), «Angie» (1973), «Time Waits for No One» (1974), «Fool to Cry» (1976), «Waiting on a Friend» (1981)
  • Led Zeppelin, «Rock and Roll» (1969)
  • The Beatles, «Revolution» (singelutgåve) (1968)
  • The Move, «Hey Grandma», «Mist on a Monday Morning», «Wild Tiger Woman» (alle 1968)
  • «Jamming With Edward [jam med Ry Cooder og nokre av medlemmene frå the Rolling Stones] (innspelt 1969, gjeve ut 1972)
  • Quicksilver Messenger Service, «Shady Grove», «Edward, the Mad Shirt Grinder», «Spindrifter»
  • Jefferson Airplane, «Volunteers» (1969), «Eskimo Blue Day» (1969), «Hey Fredrick» (1969)
  • John Lennon, «Jealous Guy» (1971), «Oh My Love» (1971), «Oh Yoko» (1971), «Happy Xmas (War Is Over)» (1971), albumet Walls and Bridges (1974)
  • George Harrison, «Give Me Love (Give Me Peace On Earth)» (1973)[6]
  • Joe Cocker, «You Are So Beautiful» (1974)
  • L. Ron Hubbard, «The Mining Song» (1982), «The Banker» (1982)
  • Dogs D’Amour, «Hurricane», «Trail of Tears» og «Princes Valium» frå albumet Errol Flynn/King Of The Thieves (1989)
  • The Jayhawks, «Waiting for the Sun» og andre spor frå albumet Hollywood Town Hall (1992)

Bakgrunnsstoff

Kjelder