Nettet

Nettet (frå latin Reticulum) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Stjernebiletet er mest synleg mellom oktober og desember, men er ikkje synleg på midlare og høgare breiddegrader på den nordlege halvkula.[1]

Nettet
Nettet
Nettet
Latinsk namnReticulum
ForkortingRet
GenitivsformReticuli
SymbologiNamngitt av la Caille
Rektasensjon4 h
Deklinasjon−60°
Areal114 kvadratgrader
nr. 82 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerneα Reticuli (3,4. mag.)
Meteorsvermar

 

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +23° og −90°

Kjende objekt

Berre to stjerner i dette stjernebiletet er meir lyssterke enn tilsynelatande storleiksklasse 5: Alfa (α) og Beta (β) Reticuli. Den raudaktige stjerna R Reticuli er ein Mira-variabel. Denne variable vart oppdaga av C. Ragoonatha Chary ved Madras-observatoriet i India.[2]

Dobbeltstjerna Epsilon Reticuli består av ei stjerne med spektralklasse K2IV som har ein kvit dverg i bane. Basert på parallaksemålingar ligg desse kring 50 lysår frå sola. I 2000 vart det oppdaga ein planet rundt stjerna ε Reticuli A.[3]

Zeta Reticuli er ei vid dobbeltstjerne, der begge medlemmane liknar på sola. Dei ligg kring 39 lysår unna.

I 2005 vart det oppdaga ein type 1a supernova i spiralgalaksen NGC 1559, som ligg i Nettet.[4]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Nettet
🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landCarles PuigdemontSpesial:SøkSpesial:Siste endringarWikipedia:AtterhaldJonsokKrøllalfaPer PaustAndre verdskrigenBieMidsommarØresundbruaDet norske alfabetetGro Harlem BrundtlandBelgiaMastodontWikipedia:KontaktWikipediaLønnSvartifossIngerid StenvoldNasjonaldyrKleopatraVM i fotball 2022IslandEM i fotball 2024Google MapsTidvasskraftEM i fotball 2021TysklandFrankrikeRusslandNoregTrygve Slagsvold VedumN'Golo KantéJa, vi elsker dette landetEuropaTete Lidbom