Nes kyrkje i Sogn

kyrkje i Luster i Sogn

Nes kyrkje står på Nes ved Lustrafjorden i Luster kommune i Vestland og er ei langkyrkje i tre frå 1836. Ho vart sett opp etter typeteiking laga av Hans Ditlev Franciscus Linstow. I 1909 vart kyrkja mykje ombygd, og fekk mellom anna nytt tårn, våpenhus og sakresti. Då fekk ho òg ny altertavle måla av Isak Refsnæs.

Nes kyrkje
kyrkje
Foto: Bjørn Erik Pedersen
Land Noreg
FylkeVestland
KommuneLuster
KyrkjesamfunnDen norske kyrkja
BispedømeBjørgvin
ProstiSogn
SoknNes
FellesrådLuster
StadNes
TypeLangkyrkje
ArkitektHans Ditlev Franciscus Linstow
MaterialTre
Innvigd1836
 •  EndringarStor omvøling i 1909
KyrkjegardVed kyrkja
Sitjeplassar110
Kart
Nes kyrkje i Sogn
61°23′11″N 7°22′00″E / 61.3864°N 7.36667°E / 61.3864; 7.36667
Wikimedia Commons: Nes kyrkje (Luster)
Nes kyrkje i Sogn is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Nes kyrkje i Sogn
Nes kyrkje fotografert i 1937.

Dagens kyrkje erstatta ei stavkyrkje frå 1300-talet som då vart riven. Preikestolen, døypefonten og tre kyrkjeklokker i dagens kyrkje er frå stavkyrkja. I Bergen Museum er to alterfrontalar og eit krusefiks frå stavkyrkja, og ein meiner at døypefonten i Dale kyrkje òg har stått i Nes stavkyrkje tidlegare.

Nes kyrkje er soknekyrkje i Nes sokn i Sogn prosti.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff