Natalia Gavrilița (fødd 21. september1977) er ein moldovsk økonom og politikar som var statsminister i Moldova frå 6. august 2021 til 16. februar 2023. Ho gjekk av etter at forslaget hennar til reformpakke vart nedstemd i parlamentet.[1][2]
Gavrilița hadde vorte føreslegen som statsminister av president Maia Sandu i februar 2021, men nominasjonen vart ikkje godkjend i parlamentet. Sandu føreslo Gavrilița på nytt i august 2021 etter at det hadde vore parlamentsval. Ho og regjeringa vart då godkjend av parlamentet og ho tiltredde 6. august.[3][4]
Ved parlamentsvalet i 2021 vart Gavrilița vald inn for det liberalistiske sentrum-høgrepartiet Partiet for aksjon og solidaritet (PAS). Ho var finansminister frå juni til november 2019 i regjeringa til dåverande statsminister Maia Sandu.[5][6]
Frå 1995 til 2000 studerte Gavrilița ved det moldovske statsuniversitetet, der ho mellom anna tok ein bachelorgrad i internasjonal rett. Ho har også mastergrad i folkerett frå Harvard University.[7]
Frå 2007 var Gavrilița tilsett i finansdepartementet i ulike stillingar. Mellom 2013 og 2015 var ho statssekretær i utdanningsdepartementet då Maia Sandu var statsråd.[8] Ho var også direktør for utdanningsreformprogrammet til Verdsbanken. Frå 2015 til 2019 var ho direktør i det britiske Global Innovation Fund.[9] Frå 2019 var ho finansminister i Moldova i regjeringa til Maia Sandu.[10][11]
I 2021 vart Gavrilița føreslegen av Maia Sandu, som då var vorten president, til å danne regjering, men kandidaturen til Gavrilița vart avvist av det moldovske sosialistpartiet og den populistiske Sosio-politiske Rørsle (SOR).[12]
Gavrilița og den USA-amerikanske utanriksministeren Antony Blinken i 2022.
Da Maia Sandu tiltredde som president i desember 2020 trekte den dåverande statsministeren Ion Chicu seg og nekta å sitje som leiar av eit forretningsministerium fram til det var utnemnd ein ny statsminister. Diplomaten og politikaren Aureliu Ciocoi vart utnemnd til fungerande statsminister inntil parlamentet hadde godkjent ein ny statsminister. President Maia Sandu føreslo i februar 2021 Gavrilița til embetet, men ho vart ikkje godkjend.
Ved parlamentsvalet i Moldova i 2021 fekk det liberale og pro-europeiske Partidul Acțiune și Solidaritate (PAS) reint fleirtal med 63 av 101 sete i parlamentet. Både Sandu og Gavrilița tilhøyrer dette partiet, og Gavrilița vart vald til statsminister etter at ho også fekk sete i parlamentet.[13] Utnemninga til statsminister skjedde 6. august 2021.