Narvik kommune

norsk kommune

Narvik er ein bykommune i Nordland fylke. Administrasjonssenteret er Narvik.

Narvik kommune
kommune
Kommunevåpen
Land Noreg
FylkeNordland
Adm.senterNarvik
Areal3 432 km²
 •  land3 201 km²
 •  vatn231 km²
Folketal 21 580  (1. januar 2024)
Målformbokmål
OrdførarRune Edvardsen (Ap)
Kommunenr.1806
Kart
Narvik
68°26′02″N 17°24′22″E / 68.434°N 17.406°E / 68.434; 17.406
Wikimedia Commons: Narvik
Nettstad: www.narvik.kommune.no

Han grensar til kommunane Evenes og Tjeldsund i nordvest, Gratangen, Lavangen og Bardu i nord, og Hamarøy i sørvest. I aust og sør ligg Sverige.

Narvik sett frå Fagernesfjellet.

Narvik har isfri hamn heile året, og sidan byrjinga av 1900-talet og fram til i dag har byen vore den viktigaste hamna for utskiping av jarnmalm frå LKAB-gruvene i Kiruna. Målt i tonnasje er Narvik framleis ein stor sjøfartsby. På grunn av sjø, veg og jernbane er byen eit distribusjonsknutepunkt for ei rekkje handelsvarer.

Den 1. januar 2020 vart Ballangen kommune og delar av Tysfjord kommune slegne saman med Narvik.[1] Dei endra då kommunevåpenet til eit relieff av Stetinden.[2] Tidlegare hadde Narvik eit anker i gull på raud bakgrunn som våpen.

Fotballklubben Mjølner held til her.

Det tidlegare kommunevåpenet til Narvik kommune.


Venskapsbyar

Tettstader i kommunen

Byar i kommunen

Kjende narvikingar

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Narvik kommune

Kjelder

Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.