Narges Mohammadi

iransk menneskerettigheitsaktivist

Narges Mohammadi (persisk: نرگس صفیه محمدی; fødd 21. april 1972 i Zanzjan i Iran) er ein iransk menneskerettsaktivist. 6. oktober 2023 vart ho kunngjord som vinnar av Nobels fredspris i 2023, for kampen sin mot undertrykking av kvinner i Iran og si rolle for menneskerettar og fridom for alle.[1]

Narges Mohammadi

StatsborgarskapDet Iranske imperiet, Iran
Fødd21. april 1972 (52 år)
Zanjan Sjå dette på Wikidata
Yrkemenneskerettsaktivist, journalist
OrganisasjonDefenders of Human Rights Center
ReligionTolver-sekten
EktefelleTaghi Rahmani Sjå dette på Wikidata
PrisarNobels fredspris, Per Anger-prisen, Andrei Sakharov Prize, 100 Women, Internationaler Alexander Langer Preis, Olof Palme-prisen, UNESCO/Guillermo Cano World Press Freedom Prize, Weimar menneskerettighetspris
Narges Mohammadi på Commons

Bakgrunn

Mohammadi vart fødd i Zanjan i Iran, og vaks opp i byane Qorveh, Karaj og Oshnavia. Ho er utdanna fysikar frå Imam Khomeini International University, og jobba som ingeniør i Teheran fram til ho vart sparka på politisk grunnlag i 2010. I mange år har ho kjempa mot fengsling av politiske fangar utan rettargang, og for rettane til kvinner i Iran, og har vorte dømt til fengselsstraff og reiseforbod for dette. Mohammadi er aktiv i Defenders of Human Rights Center i Iran, og i Iran National Peace Council. Ho vart arrestert i september 2011, og dømt til fengsel i 11 år for propaganda mot staten. Per oktober 2023 har ho vorte fengsla 13 gongar, og dømt 5 gongar. Til saman er ho dømt til 31 år i fengsel og 154 piskeslag. Per oktober 2023 sitt ho i Evin-fengselet, som vert rekna som det mest berykta fengselet i Iran.[2]

Mohammadi er gift med journalisten Taghi Rahmadi, som òg er menneskerettsaktivist, og per 2023 bur i eksil i Frankrike. Dei har to born saman, som bur med faren sin i Frankrike.[2][3]

Prisar og utmerkingar

Mohammadi vart tildelt Per Anger-prisen i 2011.[4] I 2023 vart ho tildelt Olof Palme-prisen og Nobels fredspris.[1]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Narges Mohammadi