Nad Tatrou sa blýska

«Nad Tatrou sa blýska» ('Lyn over Tatrafjella') er nasjonalsongen til Slovakia. Teksten er skriven av Janko Matúška i 1844 og sett til ein slovakisk folketone, «Kopala studienku».

«Nad Tatrou sa blýska», nedskriven av Viliam Pauliny-Tóth i 1844 under tittelen «Prešporskí Slováci, budúci Levočania».
Kriváň, eit av Tatrafjella, måla av Peter Michal Bochúň i 1849.

Songen blei skriven etter at den slovakiske nasjonalisten Ľudovít Štúr blei avsett frå stillinga si ved det evangelisk-lutherske lyceet i Bratislava. I protest forlét fleire studentar den prestisjefylte institusjonen og bestemte seg for å fortsette studia sine i Levoča. Ein av desse var Janko Matúška. Reisa til Levoča tok dei over dei symbolsk viktige Tatrafjella, og her blei dei vitne til lyn og torden. Matúška gav aldri ut songen sin, og den eldste kjende utgåva blei skriven ned av medeleven Viliam Pauliny-Tóth.

«Nad Tatrou sa blýska» blei utbreidd i opprørstida 1848/1849. Han blei spreidd på folkemunne og gjennom handskrivne nedteikningar, og blei første gong trykt i 1851 som «Dobrovoľnícka», utan opphavsmann. Dette gav rom for noko ulike variantar, der den viktigate er om teksten opphavleg sa «zastavme ich» ('lat oss stoppa dei') eller «zastavme sa» ('lat oss stoppa'). Dei eldste nedskriven utgåvene og den offisielle versjonen sidan 1993 har «zastavme ich».

Førsteverset av songen blei ein del av den tsjekoslovakiske nasjonalsongen 13. desember 1918, der den andre delen blei danna av den tsjekkiske «Kde domov můj». Under andre verdskrigen blei heile songen nasjonalsong for den slovakiske republikken, sjølv om den slovakiske utgåva av den pan-slaviske «Hej, Slováci» blei meir brukt i offisielle funksjonar.

Då Tsjekkoslovakia blei oppløyst i 1993 tok Slovakia i bruk heile «Nad Tatrou sa blýska» som nasjonalsong. «Hej, Slováci» er framleis ein mykje brukt uoffisiell nasjonalsong.

Tekst

Slovakisk tekst

Nad Tatrou sa blýska
hromy divo bijú.
Zastavme ich bratia,
ved' sa ony stratia,
Slováci ožijú.
To Slovensko naše
posiaľ tvrdo spalo.
Ale blesky hromu
vzbudzujú ho k tomu,
aby sa prebralo.
Už Slovensko vstáva
putá si strháva
Hej rodina milá
hodina odbila,
žije matka Sláva
Ešte jedle rastú
na krivánskej strane
Kto jak Slovák cíti,
nech sa šable chytí,
a medzi nás vstane

Engelsk omsetjing

There is lightning over the Tatra,
thunderclaps are striking ferociously.
Let us stop them, brothers,
(you will see that) they will disappear,
the Slovaks will revive.
This, our Slovakia
has long been fast asleep.
But the lightning of the thunder
is rousing it
to wake up.
Already Slovakia is waking up,
throwing off its bonds
Hey dear family
the hour has ticked away
Mother Slavia is alive
Firs yet grow
on the slopes of Kriváň
Whoever is feeling like a Slovak,
let him take a sword
and let him rise among us.

Kjelder

Bakgrunnsstoff