Nålkolibriar
Nålkolibriar er ei biologisk slekt Chalcostigma av kolibriar med fem medlemmer som samla har eit leveområde langs Andesfjella frå grenseområde Venezuela-Colombia i nord gjennom Colombia, Ecuador og Peru til Bolivia. Slekta er ein del av stammen Lesbiini – «koketter» i underfamilien Lesbiinae.
Nålkolibriar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Underfamilie: | Trochilinae |
Stamme: | Lesbiini |
Slekt: | Nålkolibriar Chalcostigma Reichenbach, 1854 |
Skildring
Eit kort, sylforma nebb er det mest slåande trekket ved utsjånaden for nålkolibriar. Hannane har ein glitrande strupeflekk som er smal og forlenga ned over brystet.[1] Elles for det meste mørke, lite iaugefallande fjørdrakter i slekta, kroppsstorleiker frå 10 til 15 centimeter. Litt ulike preferanser for habitat, t.d. lever koboltnålkolibri høgare enn regnbogenålkolibri som kan gå ned til 2700 moh. i Ecuador. Fire av dei fem artane lever innanfor grensene til Peru, og ein av dei, olivennålkolibri, lever på det høgste nivået, opp til 4700 moh. I Ecuador finn ein nålkolibriar i páramo økosystem.
IUCN har kategorisert alle fem som livskraftige artar(LC).[2]
Galleri
- Bronsenålkolibri, Chalcostigma heteropogonFoto: Neil Orlando Diaz Martinez
- Regnbogenålkolibri, Chalcostigma herrani, Caldas-departmentet, ColombiaFoto: Anthony Kaduck
- Brunkronenålkolibri, Chalcostigma ruficeps, Cuzco-regionen, PeruFoto: Wang Cai
- Olivennålkolibri, Chalcostigma olivaceum
- Koboltnålkolibri, Chalcostigma stanleyi, EcuadorFoto: Francesco Veronesi
Artslista
Nålkolibriar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[3] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[4] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[5]
- Bronsenålkolibri, Chalcostigma heteropogon, Bronze-tailed thornbill, (Boissonneau, 1840), (LC)
- 13-14 cm, páramo økosystem 3000-3900 moh. i Colombia, marginalt inne i Venezuela[6]
- Regnbogenålkolibri, Chalcostigma herrani, Rainbow-bearded thornbill, (Delattre & Bourcier, 1846), (LC)
- 10 cm, mørk hannar med iriserande raud kronestripe i tillegg til strupen, 2700-3700 moh., páramo økosystem ofte ved tregrensa, frå nordlegaste Peru til Tolima-departementet, Colombia[7]
- Brunkronenålkolibri, Chalcostigma ruficeps, Rufous-capped thornbill, (Gould, 1846), (LC)
- 10,5 cm, raudbrun krone, lever frå sørlegaste Ecuador til sentralt i Bolivia (Cochabamba-departementet), fuktig skog i austsida av Andes, 1400-3500 moh.[8]
- Olivennålkolibri, Chalcostigma olivaceum, Olivaceous thornbill, (Lawrence, 1864), (LC)
- 14-15 cm, mørk brungrøn fjørdrakt, høgt (3100-4700 moh.) i puna økosystem frå Ancash-regionen i Peru til La Paz-departementet i Bolivia[9]
- Koboltnålkolibri, Chalcostigma stanleyi, Blue-mantled thornbill, (Bourcier, 1851), (LC)
- 12-13 cm, sotbrun, gaffelforma hale, lever i våt páramo og jalca, frå Ecuador til Cochabamba, Bolivia[10]
Kjelder
- Referansar