My Favorite Things

«My Favorite Things» er ein populær musikalsong, opphavleg frå Rodgers og Hammerstein-musikalen The Sound of Music frå 1959.

«My Favorite Things»
Musikk avRichard Rodgers
Tekst avOscar Hammerstein II
Publisert1959
Språkengelsk
Innspelt avMary Martin & Patricia Neway (1959),
John Coltrane (1961-1967),
Julie Andrews (1965),
The Supremes (1965),
Herb Alpert (1968),
Carrie Underwood (2013),
Kelly Clarkson (2013)

Songen vart først sungen som ein duett mellom Maria (spelt av Mary Martin) og Mother Abbess (Patricia Neway) i den originale Broadway-produksjonen og av Julie Andrews i The Garry Moore Show og filmen frå 1965.

Bakgrunn

I musikalen omhandlar teksten ting som Maria likar, som «Raindrops on roses and whiskers on kittens, bright copper kettles and warm woolen mittens». Dette er ting ho tenkjer på når ho føler seg nedfor. I filmen vert dette endra noko og Maria syng songen til von Trapp-borna under eit torevêr.

I 2004 vart filmversjonen av «My Favorite Things» plassert på 64. plassen på lista til AFI's 100 Years...100 Songs for songar frå amerikansk film.

Andre versjonar

John Coltrane

Jazzartisten John Coltrane spelte ein lang, nesten 14 minuttar lang versjon i e-moll på albumet med same namn frå 1961. Han vart ein jazzklassikar og ein signaturlåt for Coltrane, og finst òg på Newport '63 i 1963, Live at the Half Note: One Down, One Up og New Thing at Newport i 1965, Live at the Village Vanguard Again! og Offering: Live at Temple University i 1966, og The Olatunji Concert: The Last Live Recording i 1967. Coltrane-versjonen skil seg kraftig frå den originale songen.

Ein julesong

Den vinterlege biletbruken i teksten til «My Favorite Things» har gjort han til ein populær julesong, sidan songen nemner «varme vottar», bjelleklang, snøflak, og «sølvkvite vintrar». Han finst på mange julealbum, som:

  • 1964: Jack Jones på albumet hans The Jack Jones Christmas Album
  • 1965: Eddie Fisher på albumet hans Mary Christmas
  • 1965: Diana Ross and the Supremes på albumet deira Merry Christmas
  • 1965: Andy Williams på albumet hans Merry Christmas. Han song òg songen i ein duett med kona si, Claudine Longet på The Andy Williams Show.
  • 1966: Kenny Burrell på albumet hans Have Yourself a Soulful Little Christmas
  • 1967: Barbra Streisand på albumet hennar A Christmas Album
  • 1968: Herb Alpert and the Tijuana Brass på albumet deira Christmas Album. Denne versjonen nådde 45. plassen på Billboard 100 året etter.
  • 1968: Tony Bennett på albumet hans Snowfall: The Tony Bennett Christmas Album
  • 1969: Johnny Mathis på albumet hans Give Me Your Love for Christmas
  • 1970: Rick Wilkins and the Mutual Understanding på albumet deira Christmas with Rick Wilkins and the Mutual Understanding
  • 1981: Kenny Rogers på albumet hans Christmas
  • 1984: The Carpenters på albumet deira An Old-Fashioned Christmas
  • 1993: Lorrie Morgan på albumet hennar Merry Christmas from London. Denne versjonen nådde 64. plassen på Hot Country Songs-lista i USA i 1994 og 69. palssen i 1999.[1]
  • 1994: The Whispers på albumet deira Christmas Moments
  • 1995: Luther Vandross på albumet hans This Is Christmas
  • 1995: Russ Freeman på albumet hans Holiday
  • 1997: SWV på albumet deira A Special Christmas
  • 2000: Vanessa Williams, Plácido Domingo og Tony Bennett på konserten Our Favorite Things: Christmas in Vienna
  • 2002: Barry Manilow på albumet hans A Christmas Gift of Love
  • 2002: Anita Baker på albumet hennar Christmas Fantasy
  • 2004: Dionne Warwick på albumet hennar My Favorite Time of Year
  • 2005: The Brian Setzer Orchestra på albumet deira Dig That Crazy Christmas
  • 2005: Kenny G på albumet hans The Greatest Holiday Classics
  • 2005: Rod Stewart på albumet Sounds Of The Season
  • 2007: Yolanda Adams på albumet hennar What a Wonderful Time
  • 2007: Connie Talbot på albumet hennar Over the Rainbow
  • 2009: Family Force 5 på albumet deira Family Force 5 Christmas Pageant
  • 2010: Borgore på albumet hans Borgore Ruined Dubstep, Pt. 1
  • 2011: Deana Martin på albumet hennar White Christmas.
  • 2011: Carole King på albumet hennar A Holiday Carole
  • 2011: Chicago spelte ein latinsk/brasiliansk jazzversjon på albumet deira Chicago XXXIII: O Christmas Three
  • 2011: GleeExtraordinary Merry Christmas
  • 2012: Avila på singelen Curtains, nytta i ein reklamekampanje for Victoria's Secret
  • 2013: Kelly Clarkson på albumet hennar Wrapped in Red
  • 2013: Jim Brickman på albumet hans The Magic of Christmas
  • 2013: Mary J. Blige på albumet hennar A Mary Christmas

Andre versjonar

  • We Five spelte inn songen i 1965 på albumet You Were on My Mind.
  • Al Jarreau spelte inn songen med Katheleen Battle på albumet Tenderness i 2006.
  • Lauryn Hill spelte ein remix av songen i 2012 kalla «Black Rage».
  • Petula Clark spelte inn songen for Pye Records-plata The Sound of Music i 1961. Ho spelte inn songen på ny i 1981.
  • I 2013 spelte Diana Vickers ein versjon av songen i ein reklame for One Direction-parfymen Our Moment.
  • Me First & The Gimme Gimmes spelte ein versjon på albumet Are a Drag i 1999.
  • Outkast spelte inn songen for albumet Speakerboxxx/The Love Below i 2003.
  • Lady Gaga framførte songen i ein medley med andre songar frå musikalen som ei hyllest til filmen under den 87. Oscarutdelinga.

Kjelder