Mr. Spaceman

Mr. Spaceman
singel av The Byrds
frå albumet Fifth Dimension
B-side

«What's Happening?!?!»

Utgjeve6. september 1966
Innspelt28. april til 6. mai, 1966, Columbia Studios, Hollywood, CA
SjangerRock, countryrock
Lengd2:09
SelskapColumbia
Låtskrivar(ar)Jim McGuinn
ProdusentAllen Stanton
The Byrds-kronologi 
«5D (Fifth Dimension)»
(1966)
Mr. Spaceman«So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star»
(1967)


«Mr. Spaceman» er ein song av det amerikanske rockebandet The Byrds og var det tredje sporet på albumet deira Fifth Dimension frå 1966.[1] Songen vart opphavleg skriven av bandmedlem Jim McGuinn som eit «melodramatisk manus», men det utvikla seg raskt til ein underleg fabel om utanomjordisk liv.[2] Songen vart gjeven ut som den tredje singelen frå albumet i september 1966.[3] Singelen nådde 36. plass på den amerikanske singellista, men nådde ikkje lista i Storbritannia.[4][5]

Då han kom ut kalla musikkpressa songen for «space-rock», men dette uttrykket har sidan heller vorte nytta om progressiv og psykedelisk rock i 1970-åra.[6][7] Musikalsk har «Mr. Spaceman» eit country-aktig akkompagnement, og sjølv om ein òg finn spor av psykedelia, er det ein peikepinn framover mot countrymusikken dei laga på Sweetheart of the Rodeo.[8][1][9] Songen er derfor omtalt som eit av dei tidlegaste døma på countryrock.[10] Tittelen minnar òg om den tidlegare monsterhitten til The Byrds, «Mr. Tambourine Man».

Songen vart mykje spelt på konsertar av The Byrds og finst på mange samleplater av bandet. Konsertutgåver av songen finst på (Untitled) og Live at Royal Albert Hall 1971.[11]

Andre utgåver

Fleire andre artistar har spelt «Mr. Spaceman», som Jimmy Buffett og Gonzo på The Muppets-albumet Kermit Unpigged og Alvin and the Chipmunks på albumet The A-Files: Alien Songs.[12] Songen er òg spelt av The Flying Burrito Brothers på konsertalbumet Cabin Fever frå 1985.

Kjelder