Mr. Farmer

Mr. Farmer
Singel av The Seeds
frå albumet A Web of Sound
B-side

«Up in Her Room»

UtgjeveFebruar 1967
Innspelt1966
SjangerGarasjerock
Lengd2:58
SelskapGNP Crescendo
Låtskrivar(ar)Sky Saxon
ProdusentMarcus Tybalt
The Seeds-kronologi 
«Pushin' Too Hard»
(1966)
Mr. Farmer«Can't Seem to Make You Mine»
(1967)


«Mr. Farmer» er ein song av den amerikanske garasjerockgruppa The Seeds, skriven og produsert av vokalisten Sky Saxon (under pseudonymet Marcus Tybalt). Han kom ut på singel i 1967 og nådde 86. plassen i USA på Billboard Hot 100-lista. Songen vart bannlyst frå mange radiostasjonar på den tida på grunn av referansane til dopmisbruk.

Tekst og innspeling

Teksten var skriven av Sky Saxon og skildrar soga om ein mann som vert misnøgd med å by i byen og flyttar på landet, kjøper seg ein gard og vatnar avlingane sine.[1] Sjølv om Saxon prøvde å kle inn teksten slik at meldinga i songen verka å vere mot dopbruk, vart songen generelt rekna som ei hyllest til marihuanadyrkarar og derfor bannlyst av mange radiostasjonar.[1][2][3][4]

Mottaking

«Mr. Farmer» kom ut på singel i februar 1967 og nådde 86. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista.[5] I episoden «Monkees on Tour» i The Monkees, kan ein sjå eit eksemplar av singelen bli spelt av radiostasjonen KRIZ då bandet er på besøk.

Musikkhistorikaren Domenic Priore har samanlikna pianolyden på songen med tidlege Pink Floyd-innspelingar.[6] Forfattaren Harvey Kubernik kalla songen ein «punk-pop-klassikar», og Malcolm Russell skildra songen som ein «tight groover».[7][8]

Andre utgjevingar og versjonar

«Mr. Farmer» kom ut i 1987 på samleplata More Nuggets: Classics from the Psychedelic Sixties Volume 2 og i filmmusikken til filmen Almost Famous i 2000.[9][10] Sky Saxon spelte inn songen på ny i 2008 for soloalbumet The King of Garage Rock.[11] Det psykedelisk rock-bandet Strawberry Alarm Clock spelte inn ein versjon av songen i 2012 på albumet deira Wake Up Where You Are.[12]

Innhald

7" vinyl
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Mr. Farmer»Sky Saxon2:35
2.«Up in Her Room»Saxon3:40

Salslister

Liste (1967)Plassering
U.S. Billboard Hot 100[5]86

Kjelder

Bakgrunnsstoff