Moskenes kommune
kommune i Nordland fylke i Noreg
Moskenes er ein kommune i øygruppa og landskapet Lofoten i Nordland fylke. Han omfattar fiskeværa Reine, Sørvågen, Hamnøy, Moskenes, Å og Tind i tillegg til fråflytte bygder som Refsvika og Hell, som saman med kvasse tindar langs Vestfjorden gjer kommunen til ein av dei meir biletvakre i landet.
Moskenes kommune | |||
kommune | |||
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Adm.senter | Reine | ||
Areal | 118,79 km² | ||
• land | 110,47 km² | ||
• vatn | 8,32 km² | ||
Folketal | 954 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Lillian Rasmussen (Fellesliste) | ||
Kommunenr. | 1874 | ||
![]() Moskenes kommune 67°55′31″N 12°57′32″E / 67.925277777778°N 12.958888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Moskenes | |||
Nettstad: www.moskenes.kommune.no |
Moskenesstraumen ligg mellom Lofotodden, heilt sør i øygruppa, og den isolerte øya Mosken. Sjømenn har frykta denne malstraumen i århundre, men Mosken er mindre skremmande. På øya finn ein holemåleri frå steinalderen.
Tettstader i kommunen
Kjende folk frå Moskenes
- Birger Eriksen, soldaten som senka «Blücher» under den andre verdskrigen
- Hans-Erik Dyvik Husby, songar i Turboneger
Biletgalleri
- Stuvdalsvatnet nordvest for Sørvågen
- Trandamperi på Å.
- Reine i Lofoten
Bakgrunnsstoff
🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landCarles PuigdemontSpesial:SøkSpesial:Siste endringarWikipedia:AtterhaldJonsokKrøllalfaPer PaustAndre verdskrigenBieMidsommarØresundbruaDet norske alfabetetGro Harlem BrundtlandBelgiaMastodontWikipedia:KontaktWikipediaLønnSvartifossIngerid StenvoldNasjonaldyrKleopatraVM i fotball 2022IslandEM i fotball 2024Google MapsTidvasskraftEM i fotball 2021TysklandFrankrikeRusslandNoregTrygve Slagsvold VedumN'Golo KantéJa, vi elsker dette landetEuropaTete Lidbom