Morten Lund

norsk politikar

Morten Lund (fødd 6. januar 1945) er ein norsk gardbrukar og politikar frå Bjugn i Sør-Trøndelag. Han var ordførar i Bjugn i seks år og representerte Senterpartiet og Sør-Trøndelag fylkeStortinget i tida 1993-2005.

Morten Lund

StatsborgarskapNoreg
Fødd6. januar 1945 (79 år)
Bjugn kommune
Yrkepolitikar
Språknorsk
Politisk partiSenterpartiet
Morten Lund på Commons

Lund var son til ein gardbrukar. Sjølv tok han examen artium i Trondheim i 1964, og gjekk ut av Vinterlandbruksskolen i Oslo i 1966. Han studerte dei neste åra til cand.agric. ved Noregs Landbrukshøgskule, ferdig 1970. Frå 1970-75 var han vitskapleg assistent ved NLH, samstundes som han arbeidde med ein doktorgrad han fullførte i 1975. Åra 1975-79 var han inspektør i Statens Arbeidstilsyn og var deretter gardbrukar i Bjugn til 1997.

Lund var varaordførar i Bjugn kommunestyre 1984-87 og ordførar 1987-93. Frå 1989 til -93 var han leiar av regionrådet for Fosen-kommunane og 1991-93 medlem av fylkestinget i Sør-Trøndelag. Stortingsperioden 1989-93 møtte han i kortare tid på Stortinget som vararepresentant. Etter å ha vorte vald inn på fast plass gjennom stortingsvalet i 1993, og attvald i 1997 og 2001, møtte han på Stortinget fram til 2005. Han var medlem i Kommunalkomitéen frå 1993 til mars 1999, deretter leiar i Næringskomitéen frå 27. mars 1999 til september 2001. Perioden 2001-05 var han medlem i Finanskomitéen.

Lund var med i Senterpartiet sitt landsstyre i to bolkar, 1985-90 og 1997-2001.

Kjelder