Montenegro i Eurovision Song Contest

Montenegro debuterte i Eurovision Song Contest i 2007 og har delteke tolv gongar. Montenegro deltok tidlegare i Eurovision Song Contest som ein del av Jugoslavia, både som Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia frå 1961 til 1991 og Den føderale republikken Jugoslavia i 1992, og deretter Serbia og Montenegro i åra 2004-2006. Frå 2007 har Montenegro delteke som sjølvstendig nasjon. Sidan debuten har Montenegro berre kvalifisert seg til finalen to av tolv gongar, sist i 2015.[1]


Montenegro


RTCG
Uttakingar
Nasjonalt4
Internt8
Deltaking
Debutår2007
Deltakingar12
Beste resultat
Semifinalen7 (2014)
Finalen13 (2015)
Verste resultat
Semifinalen22 (2007)
Finalen19 (2014)
Poeng
Semifinalane516
Finalane81
Totalt597

Historikk

Montenegro var tidlegare ein del av Jugoslavia som deltok i Eurovision Song Contest frå 1961 til 1992. I 1991 lausreiv Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina og dåverande Makedonia seg frå landet, og Serbia og Montenegro var i praksis dei einaste som deltok som Jugoslavia i Eurovision Song Contest i 1992. Året etter og fram til 2003, fekk ikkje Jugoslavia deltake i Eurovision Song Contest. Utestenginga var ein del av dei mange SN-sanksjonane mot nasjonen, på grunn av jugoslaviakrigane og den kroatiske sjølvstendekrigen.[2][3]

Serbia og Montenegro søkte om å få deltake i Eurovision Song Contest igjen i 2003, men Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) avslo søknaden og grunngav det med at for mange land ville bli ståande utanfor finale om ein slapp inn fleire nye land.[4] I 2004 innførte EBU semifinale i Eurovision Song Contest, og dimed fekk Serbia og Montenegro deltake for fyrste gong. I 2006 vart føderasjonen Serbia og Montenegro oppløyst etter ei montenegrinsk folkeavrøysting om lausriving. Montenegro erklærte sitt sjølvstende i juni 2006, og den tidlegare føderasjonen vart delt opp i to sjølvstendige nasjonar: Montenegro og Serbia.[5] Begge landa debuterte som sjøvstendige nasjonar i Eurovision Song Contest i 2007.

Liten suksess

I motsetning til nabolandet Serbia, har Montenegro hatt liten suksess i Eurovision Song Contest. Etter tre år utan finaleplass valde den montenegrinske kringkastaren Radio Televizija Crne Gore (RTCG) å trekkje seg i 2010. Årsaka var den vanskelege økonomiske situasjonen hos kringkastaren RTCG.[6]

Etter to år vekke frå tevlinga, kom Montenegro tilbake igjen til Eurovision Song Contest i 2012, men kvalifiserte seg fyrst til ein finale i 2014 - på sitt sjette forsøk. I si fyrste finaledeltaking vart Montenegro nummer 19 av 26, og året etter kom den førebels beste plasseringa til Montenegro i Eurovision Song Contest; ein trettandeplass. Sidan den gongen har ikkje Montenegro kvalifisert seg til finalen.

Bidraga i Eurovision Song Contest

ÅrArtistSongSpråkFinalenSemifinalen
PoengPlassPoengPlass
2007Stevan Faddy«'Ajde, kroči»MontenegrinskIkkje kvalifisert3322
2008Stefan Filipović«Zauvijek volim te»Montenegrinsk2314
2009Andrea Demirović«Just Get Out of My Life»Engelsk4411
Deltok ikkje 20102011
2012Rambo Amadeus«Euro Neuro»Engelsk, montenegrinsk og tyskIkkje kvalifisert2015
2013Who See«Igranka»Montenegrinsk4112
2014Sergej Ćetković«Moj Svijet»Montenegrinsk3719637
2015Knez«Adio»Montenegrinsk4413579
2016Highway«The Real Thing»EngelskIkkje kvalifisert6013
2017Slavko Kalezić«Space»Engelsk5616
2018Vanja Radovanović«Inje»Montenegrinsk4016
2019D mol«Heaven»Engelsk4616
Deltok ikkje 20202021
2022Vladana«Breathe»EngelskIkkje kvalifisert

Røystehistorikk (2007-2021)

Finalane

Montenegro har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
01 Serbia114
02 Russland70
03 Albania69
04 Italia61
05 Aserbajdsjan46

Montenegro har fått flest poeng frå
#LandPoeng
01 Armenia20
02 Slovenia17
03 Makedonia16
04 Albania12
Serbia

Semifinale

Montenegro har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
01 Serbia65
02 Slovenia61
03 Russland53
04 Albania52
05 Hellas49

Montenegro har fått flest poeng frå
#LandPoeng
01 Serbia57
02 Slovenia46
03 Bosnia-Hercegovina38
04 Aserbajdsjan32
05 Albania31

Galleri

Sjå òg

Referansar

Kjelder