Miriam Tlali
- Artikkel
- Diskusjon
Miriam Tlali | |
Statsborgarskap | Sør-Afrika |
Fødd | 11. november 1933 Doornfontein |
Død | 24. februar 2017 (83 år) |
Yrke | skribent, romanforfattar, journalist |
Medlem av | International Writing Program |
Miriam Tlali (11. november 1933–24. februar 2017) var ein sørafrikansk forfattar. Ho var den fyrste svarte kvinna i Sør-Afrika som gav ut ein engelskspråkleg roman, Between Two Worlds, i 1975. Ho var òg ein av dei fyrste som skreiv om Soweto. Størstedelen av tekstanen hennar blei opphavleg forbodne av apartheidstyret i Sør-Afrika.[1][2][3]
Miriam Masoli Tlali[4] vart fødd i Doornfontein i Johannesburg i Sør-Afrika, og voks opp i Sophiatown.[5] Ho gjekk på St. Cyprian's Anglican School og deretter Madibane High School. Ho studerte ved Universitetet i Witwatersrand til det blei stengt for svarte under apartheid-tida; seinare studerte ho ved National University of Lesotho (då kalla Pius XII University) i Roma i Lesotho.[5] Ho måtte forlata studiane på grunn av pengemangel, og tok i staden sekretærskule og fann arbeid som bokhaldar i ein møbelbutikk i Johannesburg.[5][6]
Tlali nytta erfaringane sine til å skriva den fyrste boka si, Muriel at Metropolitan, ein halv-sjølvbiografisk roman som gav eit nytt synspunkt i sørafrikansk litteratur.[7] Sjølv om han var skriven i 1969, blei han ikkje gjeven ut på seks år, og mange forlag i Sør-Afrika avviste han. I 1975 gav Ravan Press ut Muriel at Metropolitan, men berre etter å ha teke ut delar dei var redde kunne rammast av sensuren. Censorship Board hadde likevel motvilje mot boka, og ho blei forbanna kort tid etter utgjevinga.[8] Boka fekk eit breiare publikum etter at Longman gav henne ut i 1979 under namnet Between Two Worlds,[9] og ho blei omsett til fleire andre språk, som japansk, polsk, tysk og nederlandsk.[10]
Den andre romanen hennar, Amandla, var basert på Soweto-opprøret i 1976, og blei òg forboden i Sør-Afrika kort tid etter utgjevinga i 1980.[10] Seinare bøker av Tlali inkluderer Mihloti (som tyder ‘Tårer’), ei samling av noveller, intervju og sakprosa, som blei gjeven ut i 1984 på det svarte forlaget Skotaville, som Tlali var medgrunnleggjar av.[10] Romanane hennar blei ikkje tilletne i Sør-Afrika før i 1986.[11] Footprints in the Quag blei gjeven ut i 1989 av David Philip i Sør-Afrika, og under tittelen Soweto Stories av britiske Pandora Press.[[12][11]
Som forfattar drog Tlali til ulike delar av verda, mellom anna arbeidde ho eitt år i Nederland.[13] Ho var også i USA.[11] I 1978 tok ho del i eit internasjonalt forfattarprogram ved Iowa State University, og heldt forelesingar i San Francisco, Atlanta, Washington DC og New York. Mellom 1989 og 1990 var ho gjesteakademikar ved Sør-Afrika-forskingsprogrammet ved Yale University. [14] I 2010 var ho med på det internasjonale symposiet Women's Words: African Worlds: Renewing a Dialogue between African Women Writers and Women of African Descent ved Windybrow Theatre i Johannesburg.[15]
Tlali døydde i 2017, 83 år gammal.[16] Ei bok med eit utval av tekstane hennar blei gjeven ut med tittelen Miriam Tlali: Writing Freedom, med eit forord av redaktøren Pumla Dineo Gqola, blei gjeve ut i 2021.[17]
Miriam Tlali var gift med Stephen Lehutso, men i eit uvanleg val for ei sørafrikansk kvinne på denne tida heldt ho på jentenamnet sitt.[18] Dei fekk to barn. Ektemannen hennar døydde i 2001,[19] og dei to borna døydde òg før Tlali, sonen Moses i 2004 og dotter Molebogeng i 2012.[20]
I 1995 blei Tlali æra av sørafrikanske Department of Arts, Culture, Science and Technology med ein Literary Lifetime Achievement Award. I 2008 fekk ho Ikhamanga-ordenen i sølv.[11][10]