Mikhális Sifákis

gresk fotballspelar

Mikhális Sifákis (fødd 9. september 1984) er ein gresk fotballspelar med landskampar for Hellas. Han spelar keeper for Aris Thessaloniki.

Mikhális Sifákis
Personleg informasjon
Fullt namnΜιχάλης Σηφάκης
Mikhális Sifákis
Fødd9. september 1984
FødestadIráklio
Høgd195 cm
PosisjonKeeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Aris Thessaloniki
Nummer1
Ungdomsklubbar
Hellas Atsalénios Iraklíou
Seniorkarriere*
ÅrLagKampar (Mål)
1999-2007
2007-08
2008-
Hellas OFI Kreta
Hellas Olympiakos (lån)
Hellas Aris Thessaloniki
100 (0)
2 (0)
44 (0)
Landslag
2004-
2009-
Hellas Hellas U21
Hellas Hellas
15 (0)
1 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 8. februar 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 8. februar 2010

Sifákis vart fødd i IráklioKreta og begynte å spela fotball som 9-åring. Den første klubben hans var Atsalénios Iraklíou. I 1999 gjekk han over til klubben OFI Kreta i same byen, der han spelte på B-laget til 2002. I 2002 fekk han sin første proffkontrakt med OFI. Han spelte for dei fram til 2007, då han gjekk på lån til Olympiakos i Pireus. Med dei vann han den greske ligaen og cupen, men han spelte berre to kampar for A-laget. I 2008 vart Sifákis selt til Aris Thessaloniki, der han framleis spelar i 2009-2010-sesongen.

I 2004 kom Sifákis med på det greske U21-landslaget. Han spelte 15 kampar for dei. 14. oktober 2009 fekk han sin første A-landslagskamp for Hellas, då dei slo Luxembourg 2-1 i den siste kampen i gruppespelet i kvalifiseringa til fotball-VM i 2010.I dei to avgjerande kvalifiseringskampane mot Ukraina var Sifákis reservekeeper.

Kjelder