Midi-Pyrénées

Midi-Pyrénées (oksitansk Miègjorn-Pirenèus og Mieidia-Pirenèus) er ein tidlegare administrativ region i Frankrike. Han var den største regionen i den europeiske delen av Frankrike, større enn Nederland og Danmark. I 2010 hadde regionen i underkant av 3 millionar innbyggjarar.[1] Regionane Languedoc-Roussillon og Midi-Pyrénées blei den 1. januar 2016 slått saman til en ny region med det mellombelse namnet Languedoc-Roussillon-Midi-Pyrénées.[2][3] Det blei føreslått å kalla den nye regionen Occitanie etter det gamle Oksitania,[4][5] og dette namnet blei seinare tatt i bruk.[6][7]

Région Midi-Pyrénées
region
Symbol
Land Frankrike
HovudstadToulouse
Areal45 348 km²
Folketal 2 838 228
Folketettleik61 / km²
Kart
Midi-Pyrénées
43°30′00″N 1°20′00″E / 43.5°N 1.3333333333333°E / 43.5; 1.3333333333333
Wikimedia Commons: Midi-Pyrénées

Namn

Midi-Pyrénées har ikkje tidlegare vore eit historisk eller geografisk område, og er ein av dei franske regionane som vart kunstig oppretta seint på 1900-talet for å støtte opp om hovudstaden, Toulouse. Eit anna døme på dette er regionen Rhône-Alpes, som vart oppretta for å støtte opp om Lyon.

Namnet på den nye regionen vart vald av den franske staten utan referanse til dei historiske provinsane (som det har vore svært mange av i regionen), og var berre basert på geografi: Midi (t.d. «sørlege regionar» sett frå Paris) - Pyrénées (Pyreneane, som er den sørlege grensa for regionen).

Byar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Midi-Pyrénées

43°30′N 1°20′E / 43.500°N 1.333°E / 43.500; 1.333