Mendefolk

Mendefolk er ei folkegruppe som hovudsakleg bur i Sierra Leone, Liberia og Guinea. Dei talar mandespråket mende. Mendefolk utgjer majoriteten i Sierra Leone, der dei særleg bur i sørlege og austlege område. Ved folketeljinga i 2015 budde det 2 108 232 mendefolk i landet.[1]

Kvinner som spinn i landsbyen Panguma, fotografert i 1934
Ei gruppe menn fotografert i 1032-34

Den munnlege tradisjonen deira tyder på at dei vandra inn til området frå Sudan mellom 100- og 1500-talet. Dei har tradisjonelt livnært seg gjennom å dyrka afrikansk ris og fleire andre vekstar, og nyttar vekselbruk for å verna jorda mot utarmning.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Mendefolk