Melis

Melis (frå eldre fransk [sucre] mélis, av mellomalderlatin [sacharum] melitense, tyder '[sukker] frå Malta')[1] er ein type raffinert sukker som er svært finmale til ei kvit pulverform. Det har same samanetting som kvitt sukker, men har mindre korn.[2]

Melis

Melis blir mykje brukt oppå bakverk til glasur, der ein blandar han med væske eller eggekvite og eventuelt konditorfarge.[3] Melis kan òg brukast til marsipan og i kransekakedeig, eller laust strødd som snø oppå bakverk.[4]

Melis blir ofte tilsett nokre prosent stive som antiklumpemiddel, til dømes potetstive.[4][2]

Galleri

Kjelder