Matamata-Piako District

Matamata-Piako District er eit distrikt (Terrotorial Authority) i regionen WaikatoNew Zealand. Det ligg aust for byen Hamilton.

Matamata-Piako District
NamnMatamata-Piako
Folketal30 483[1]
Flatevidd1 754,02 km²
UtbreiingTe Aroha til Tirau;

Cambridge til Kaimai Ranges

Distriktet omfattar den sørlege delen av Hauraki Plains og mykje av Thames Valley, og grensar i aust til Kaimai Ranges. Elvene Piako og Waihou renn gjennom distriktet.

Byane Matamata, Morrinsville og Te Aroha ligg alle i distriktet, og distriktsstyret har sete i Matamata. Dei viktigaste næringsvegane er mjølkeproduksjon og oppdrett og trening av fullblodshestar.

Ved folketeljinga i 2006 var folketalet i distriktet 30 483, av desse budde 6 606 i Morrinsville, 6 309 i Matamata og 3 768 i Te Aroha[1].

Referansar

Bakgrunnsstoff

Denne geografiartikkelen som har med New Zealand å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.