Margot Wallström

svensk politikar

Margot Wallström[1] (fødd 28. september 1954 i Kåge) er ein svensk og europeisk sosialdemokratisk politikar. Frå 3. oktober 2014 til 10. september 2019 var ho utanriksminister i Stefan Löfvens første regjering og Stefan Löfvens andre regjering. Den 6. september 2019 vart det offentleggjort at Wallström, etter eige ønske, ville avgå som utanriksminister. Grunngivinga hennar var at ho ønsket meir tid til familien.[2]

Margot Wallström

Fødd28. september 1954 (69 år)
Kåge
Statsborgar avSverige
PartiSveriges socialdemokratiska arbetareparti
Yrkepolitikar
InstitusjonarDei sameinte nasjonane
Alle verv
  • visepresident i Europakommisjonen (2004–2010)
  • Sveriges utenriksminister (2014–2019)
  • Sveriges sosialminister (1996–1998)
  • European Commissioner for the Environment (1999–2004)
  • Sveriges kulturminister (1994–1996)
  • statsministerens stedfortreder (2014–2019)
  • Sveriges minister for nordisk samarbeid (2016–2019)
  • FNs spesialutsending for seksuell vold i konfliktområder (2010–2012)
  • Sveriges forbrukerminister (1988–1991)
  • Minister for Church Affairs (1988–1991)
  • Sveriges ungdomsminister (1988–1991)
  • medlem av Riksdagen (1979–1982)
  • medlem av Riksdagen (1982–1985) Sjå dette på Wikidata

Sverige vart, under Wallströms tid som utanriksminister, det første landet i verda til å utforma og føra ein feministisk utanrikspolitikk. Ho fekk utarbeidd Handbok i feministisk utanrikspolitikk, som blant anna inneheld metodar og erfaringar, og skal vera ein ressurs for det internasjonale arbeidet for likestilling og menneskerettar for alle kvinner og jenter.[3]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Margot Wallström