* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga
Marc Overmars (fødd 29. mars1973) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar frå Emst. Han spelte 86 landskampar for Nederland og skåra sytten mål.[1] Han spelte for Ajax, Arsenal, Barcelona, Willem II og Go Ahead Eagles. Med Ajax vart han seriemeister i 1993, 1994 og 1995 og han vann også intercontinentalcupen i 1995 og Meisterligaen i 1995. Han vann også nederlandsk cup i 1993. Med Arsenal vart han seriemeister i 1998 og han vann også FA-cupen i 1998. Han spelte for Nederland i VM i 1994, VM i 1998, EM i 2000 og EM i 2004.