Makedonsk

Denne artikkelen handlar om det slaviske språket makedonsk. For språket som blei talt i Makedonia i antikken, sjå antikk makedonsk.

Makedonsk er eit sørslavisk språk som hovudsakleg blir tala i Nord-Makedonia, der det er offisielt språk. Det blir også tala i Albania, Bulgaria, Hellas og den makedonske diasporaen.

Makedonsk
македонски
KlassifiseringIndoeuropeisk
 Slavisk
  Sørslavisk
   Austslavisk
    Makedonsk
Talararmakedonarar
Bruk
Tala i Nord-Makedonia
 Albania
 Bulgaria
 Hellas
 Serbia
Makedonsktalande i alt1 598 247[1]
Språkkodar
ISO 639-1mk
ISO 639-3mkd
Wikipedia på makedonsk

Språket er mykje likt bulgarsk i grammatisk struktur og ordtilfang. Makedonsk har også mange ord frå tyrkisk som spor frå Det osmanske riket. I dag tek det hovudsakleg opp lånord frå engelsk.

«Makedonia» med makedonsk handskrift.
Makedonsk bokside frå 1500-talet.

Skriftsystem

Makedonsk blir skrive med ein makedonsk variant av det kyrilliske alfabetet. Det moderne makedonske alfabetet blei teke i bruk i 1944, og skil seg litt frå det serbiske kyrilliske ved å ha bokstaven ѕ for affrikatet /dz/ og bokstavane ć for serbisk ќ og đ for ѓ. Schwa-lyden har ikkje eigen bokstav, men blir uttryk med apostrof.

Det moderne makedonske alfabetet (etter 1944) og nokre moglege transliterasjonar
MakedonskАаБбВвГгДдЃѓЕеЖжЗзИиЈјКкЛлЉљМм
Namnабъвъгъдъѓъежъзъѕъијъкълъљъмъ
IPA/a//b//v//g//d//ɟ//ɛ//ʒ//z//dz//i//j//k//ɫ/, /l//ʎ//m/
Transliterasjonabvgdg'ežzdzijklljm
MakedonskНнЊњОоПпРрСсТтЌќУуФфХхЦцЧчЏџШш
Namnнъњъопъръсътъќъуфъхъцъчъџъшъ
IPA/n//ɲ//ɔ//p//r//s//t//c//u//f//x//ts//tʃ//dʒ//ʃ/
Transliterasjonnnjoprstk', ćufhcčš

Forklaring: Namn er namnet til bokstaven på makedonsk, IPA er uttalen i høve til det internasjonale fonetiske alfabetet. Transliterasjon er den som er internasjonalt utbreidd. Det finst også andre måtar å transliterera på, til dømes i SMS eller e-mail, særleg for ќ ("k", "kj", "kk") og ѓ ("g", "gj", "gg", "dj").

Språkdøme

NorskMakedonsk transkribertMakedonsk med kyrillisk
Velkomen!Dobre dojdovte!Добре дојдовте!
Takk for at me fekk koma!Dobro se najdovme!Добро се најдовме!
Goddag!Dobar den!Добар ден!
Korleis har de det?Kako ste?Како сте?
Hei!Zdravo!Здраво!
Korleis går det?Što praviš?Што правиш?
Farvel!Do viduvanje!До видување!
Takk!Blagodaram!Благодарам!
Unnskyld!Izvinite!Извините!
Ja!Da!Да!
Nei!Ne!Не!

Kjelder

Bakgrunnsstoff