Main Theme

Main Theme
Singel av Pink Floyd
frå albumet More
A-side
Språkinkje språkleg innhald
Utgjeve27. juli 1969
InnspeltMars 1969
SjangerPsykedelisk rock
Lengd5:20
SelskapColumbia Records
KomponistRoger Waters, David Gilmour, Nick Mason, Richard Wright
Tekstforfattaringen verdi
Låtskrivar(ar)Roger Waters, Richard Wright, David Gilmour, Nick Mason
ProdusentPink Floyd
Pink Floyd-kronologi 
«Point Me at the Sky»
(1968)
Main Theme«One of These Days»
(1971)


«Main Theme» er ein instrumental av det engelske bandet Pink Floyd på det tredje albumet deira More.[2][3] Sporet vert spelt i byrjinga av filmen, då Stefan ventar på at nokon skal plukke han opp langs vegen til Paris.

Struktur

Sporet byrjar med ein panorerande gong som varer som ein dronande lyd gjennom heile stykket. Etter eit halvt minutt kjem eit Farfisaorgel inn med ein modal akkordprogresjon som tonar ut ved 1:12 då trommer og bass byrjar. Bassen liknar på, men er meir langsam enn opninga på «Let There Be More Light». Orgelet vert spelt gjennom ein wah-wah-pedal (1:20) og spelar ein progresjon av bakgrunnstonar over tromme- og basslinja, medan eit uhandsama orgel spelar hovudmelodien (2:10). Ein slidegitar kjem inn midt i stykket.

Andre versjonar

Songen vart spelt i 1977 av den franske gruppa Rosebud i ein electro-funky stil. Denne finst på albumet Discoballs blant andre songar av Pink Floyd.[4]

Medverkande

Kjelder