Magasinet Mojo

MOJO er eit populært musikkmagasin opphavleg publisert av Emap, og sidan januar 2008 av Bauer, kvar månad i Storbritannia. Etter suksessen med magasinet Q, såg Emap etter eit magasin som skulle omhandle den gryande interesse for classic rock-musikk. MOJO kom første gong ut 15. oktober 1993,[1] og hadde Bob Dylan og John Lennon på framsida av den første utgåva. Magasinet var kjend for den djupe dekkinga av både populære artistar og kult-artistar og vart ein inspirasjon for magasin som Blender og Uncut. Mange kjende musikkritikarar har skrive for bladet, som Charles Shaar Murray, Greil Marcus, Nick Kent og Jon Savage. Den første redaktøren i MOJO var Paul Du Noyer,[2][3] og han har vore etterfølgd av Mat Snow, Paul Trynka, Pat Gilbert og John Mulvey.

Mojo
Oppretta1993
Språkengelsk
Nettstadhttp://www.mojo4music.com/

Kjelder

Bakgrunnsstoff