Love Me Do
«Love Me Do» Singel av The Beatles frå albumet Please Please Me | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. oktober 1962 | |
Innspelt | Abbey Road Studios: 6. juni, 4. og 11. september 1962 | |
Sjanger | Beat | |
Lengd | 2:22 | |
Selskap | Parlophone R4949 Tollie 9008 | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon/McCartney | |
Produsent | George Martin | |
The Beatles-kronologi | ||
-- | «Love Me Do» | «Please Please Me» (1963)
|
«Love Me Do» er ein av dei første songane til The Beatles og den første singelen dei gav ut. Han vart i hovudsak skrive av Paul McCartney i 1958–59, medan dei framleis gjekk på skulen.[1] John Lennon skreiv mellomspelet.[2][3][4] Songen vart gjeve ut med «P.S. I Love You» som B-side den 5. oktober 1962. Då singelen først vart gjeve ut i USA klarta han til 17. plass, men i 1964 gjekk han heilt til topps.
Love, love me do. Lennon/McCartney |
«Love Me Do» startar med eit blues-aktig munnspel av John Lennon, og så Lennon og McCartney på vokal. Songen var spelt inn ved fleire høve med tre forskjellige trommeslagarar. Første gong var 6. juni 1962 med Pete Best på trommer då dei hadde audition for EMI i Abbey Road Studios i London. 4. september hadde Best vorte erstatta med Ringo Starr. Ei veke seinare, 11. september, kom dei tilbake til studio, men sidan produsent George Martin var misnøgd med Starr si speling vart hans spelt inn på ny med Andy White på trommer, medan Starr spelte tamburin.
Dei første utgåvene av singelen var versjonen der Ringo Starr spelte trommer, medan Andy White-utgåva hamna på debutalbumet til The Beatles, Please Please Me.
Medverkande
På singelutgåva:
- John Lennon – munnspel, vokal
- Paul McCartney – bass, vokal
- George Harrison – elektrisk gitar
- Ringo Starr – trommer
På Please Please Me-utgåva:
- John Lennon – munnspel, vokal
- Paul McCartney – bass, vokal
- George Harrison – elektrisk gitar
- Ringo Starr – tamburin
- Andy White – trommer
Salslister og salstrofé
Songen var den fjerde av sesks songar som nådde førteplassen på den amerikanske hitlista i løpet av eitt år, noko som er rekord i USA. Det var òg den fjerde av sju songar skrivne av Lennon-McCartney som gjekk til topps i 1964. Dette er òg rekord for flest topplasseringar i USA i det same kalenderåret.
Salslister
| Saltrofé
|
Andre utgåver
«Love Me Do» har mellom anna vorte spelt av
- Bobby Vee i 1964 på 30 Big Hits from the 60s
- Dick Hyman i 1964 på Keyboard Kaleidoscope
- The Chipmunks i 1964 på The Chipmunks sing the Beatles Hits
- Sandie Shaw i 1969 på Reviewing the Situation
- Ringo Starr i 1998 på Vertical Man
- David Bowie spelte «Love Me Do» på enkelte konsertar under Ziggy Stardust-turneen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
- "Love Me Do" på Discogs (liste over utgjevingar)
- Song-by-Song om «Love Me Do»
- Kva munnspel spelte John Lennon på i introen på «Love Me Do»?
- Heile songteksten på MetroLyrics