Louis-Nicolas Clérambault
- Artikkel
- Diskusjon
Louis-Nicolas Clérambault | |||
![]() Louis-Nicolas Clérambault | |||
Fødd | 19. desember 1676 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Paris | ||
Død | 26. oktober 1749 (72 år) | ||
Dødsstad | Paris | ||
Opphav | Frankrike | ||
Periode | Barokken | ||
Sjanger | Kormusikk, klavermusikk | ||
Instrument | Orgel | ||
Verka som | Komponist og organist |
Louis-Nicolas Clérambault (19. desember 1676–26. oktober 1749) var ein fransk musikar, mest kjend som organist og komponist.
Clérambault kom frå ein musikalsk familie (faren og to av sønene hans var òg musikarar). Då han var særs ung lærte han å spele fiolin og cembalo og han studerte orgel hos André Raison. Clérambault studerte òg komponering og song.
Clérambault vart organist i kyrkja Grands-Augustins og gjekk i teneste hos Madame de Maintenon. Etter at Ludvig XIV og Guillaume-Gabriel Nivers døydde, tok han over for sistnemnte på orgel i kyrkja Saint-Sulpice og kongehuset i Saint-Cyr, ein institusjon for unge jenter frå lågadelen. Han var der ansvarleg for musikk, orgelet, dirigere kor osv. Han overtok denne posten etter at Madame de Maintenon døydde, og det var her han utvikla sjangeren «fransk kantate». I 1719 overtok han etter læraren André Raison på orgel i kyrkja Grands-Jacobins.
Av dei publiserte verka hans finn ein mellom anna: