Losna i Solund

Losna er ei øy i Solund kommune i Vestland. Ho har eit areal på 15,3 km² og 2 innbyggjarar (2023). Det høgaste punktet er Meinova på 451 moh. Øya ligg aust for Krakhella på øya Sula. Losna har eigen ferjekai. Øya har gammalt jordbruksland, men det er i dag ikkje gardsdrift på øya. Det er noko turisme i sommarhalvåret. På byrjinga av 1900-talet var det rundt hundre fastbuande på øya.

Losna
Geografi
StadSogn
Koordinatar61°08′26″N 05°03′54″E / 61.14056°N 5.06500°E / 61.14056; 5.06500

Areal15,3 km²

Høgaste punktMeinova (451 moh.)

Administrasjon
LandNoreg Noreg
FylkeVestland

Demografi
Folketal2 (2023)
Folketettleik0,13 /km²

Losna høyrde fram til 1. januar 1964 til Gulen kommune. Ved overføringa av øya frå Gulen til Solund hadde øya 40 innbyggjarar.[1]

Namn

Det er omstridd kva opphavet til namnet «Losna» er. Ein teori går ut på at namnet har samanheng med adjektivet laus og verbet losne, det vil seie at det går på at øya er skild frå naboøya i vest, Sula. Dei to øyene er skilde frå kvarandre med det smale Krakhellesundet. Ein annan teori er at namnet har samanheng med ordet lys, og at Losna tyder «den glinsande».

Namnet vart skrive «Losno» (dativ, eintal) ca. 1360 og «i Losno» (dativ, eintal) i 1391.[2]

Historie

Losna er ei berglendt øy, og det er ikkje så mange stadene som har eigna seg til busetjing og jordbruk. Søraustre delen av øya merkjer seg ut med ei litt større flate og der ligg garden Losna (no Losnegard), som Losnaætta har namnet sitt frå. Losnaætta eigde mykje av Ytre Sogn i stordomstida si og i tre generasjonar var menn frå ætta riksrådar for kongen i seinmellomalderen, men ein veit ikkje om nokon av dei budde på Losna. Det er ikkje så mange spor på Losnegard som tyder på at det har vore ein storgard der, og det er fleire teoriar om kvar Losnaætta hadde hovudbølet sitt, ein går ut på at det var i Bøfjorden i Hyllestad.[3]

Kyrkje

I mellomalderen var det kyrkje på Losnegard, på staden som framleis heiter Kyrkjeneset.[4] Kyrkja er fyrste gong nemnt i kjeldene i Bjørgvin kalvskinn frå kring 1360. I 1820 såg ein framleis tydelege spor etter kyrkjetufta og nokre graver.[5]Kyrkja kom bort ei gong mellom 1360 og 1585.[3]

1900-talet

Dei fekk skulehus på Losna i 1922. Det vart ført fram elektrisk kraft til øya i 1958, og telefon kom i 1936.[6]Posten hadde brevhus på Losna frå 1914 til 1920, då fekk øya eige postopneri med postnummer 5986 LOSNEGARD. Det vart nedlagt 31. desember 1976.[7] Fylkesbaatane hadde stoppestad på Losna frå 1914.[6]

Folketalsutvikling

1801[8]1900[8]1950[8]2000[9]2023[9]
501025072

Matrikkelgardar

Det er fire matrikkelgardar på Losna, dei er:

  • Strengklauv (Klaua, Klauva, Hamre) – Gardsnummer 62 i Solund, tidlegare gardsnummer 1 i Gulen.
  • Losnedal – Gardsnummer 63 i Solund, tidlegare gardsnummer 2 i Gulen.
  • Netteland – Gardsnummer 64 i Solund, tidlegare gardsnummer 3 i Gulen.
  • Losnegard – Gardsnummer 65 i Solund, tidlegare gardsnummer 4 i Gulen.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff