Lonnie Mack

amerikansk musikar

Lonnie McIntosh (18. juli 194121. april 2016), kjend under artistnamnet Lonnie Mack, var ein USA-amerikansk rockemusikar med røter djupt i roots-musikk frå Sørstatane.[1][2] Sjølv om han gjennom det meste av karrieren sin stod utafor rampelyset,[3][4] vert han rekna som ein av dei «viktigaste og innverknadsrike» gitaristane i den tidlege rockehistoria,[5] ein banebrytar innan bluesrock,[6][7][8][9][10] og ein av dei beste blue-eyed soul-songarane.[11]

Lonnie Mack

Mack i Rising Sun i Indiana i 2003
Fødd18. juli 1941(1941-07-18)
FødestadWest Harrison i Indiana i USA
Død21. april 2016 (74 år)
DødsstadSmithville i Tennessee i USA
FødenamnLonnie McIntosh
OpphavUSA
Aktiv1954–2004
SjangerRock, blues, country, soul, rockabilly, gospel, bluegrass.
InstrumentVokal, gitar
PlateselskapAlligator, Elektra, Fraternity, Capitol, Flying V Records, Jewel, King, Ace, Epic, Sage Records, Dobbs Records
Verka somMusikar, songar-låtskrivar

Han slo gjennom i 1964 med hitsinglane «Memphis» og «Wham!», og debutalbumet The Wham of that Memphis Man, alle for det vesle Cincinnati-selskapet Fraternity Records. På desse innspelingane introduserte Mack ein nyskapande gitarstil som blanda den etablerte akkord-og-riff-forma frå tidleg rock[10] med «skarpe, aggressive, høglydte og kjappe» bluessoloar.[12] Desse innspelingane har blitt sagt å kraftig heve standarden for rockegitaren.[13] Mack sine bluesaktige soloar vart ei viktig inspirasjonskjelde[4] for dei gryande sologitaristane innan både bluesrock og southern rock.[7][14]

Kort tid etter Mack sine innspelingar frå 1963 kom den britiske bølgja, leia av The Beatles. Dette førte til ei brå endring i musikksmaken til mange folk, og mange av dei tidlegare, amerikanske popheltane vart sett til sides,[15] inkludert Mack.[16] Lite skjede i karrieren hans før 1968, då bluesrocken var på sitt mest populære, og det nyskipa magasinet Rolling Stone publiserte ein artikkel om dei banebrytande bluesrockinnspelingane hans fem år tidlegare. Han fekk kort tid etter ein platekontrakt for tre album med Elektra Records i Los Angeles og byrja å spele på større konsertstadder. Innspelingane hans for Elektra dekte fleire musikksjangrar og la lite vekt på gitarvirtuositeten og bluesrock-retninga hans, med skuffande resultat. I 1971 forlet han Elektra, Los Angeles og kommersiell rock for ein lengre karriere innan country og bluegrass.

I 1985 fekk Mack hjelp av Stevie Ray Vaughan til eit fem år langt comeback innan rock,[17] inkludert fire album og ein konsert i Carnegie Hall.[4] Han gav ut det siste albumet sitt i 1990, men heldt fram å spele på mindre stader fram til 2004.

Diskografi

Originale studioalbum

Konsertalbum

  • 1990: Lonnie Mack Live: Attack of the Killer V (innspelt desember 1989)
  • 1998: Live At Coco's (innspelt 1983)

Samarbeid

ÅrArtistAlbum
1965Freddie KingFreddie King Sings Again
1967James BrownJames Brown Sings Raw Soul
1970The DoorsMorrison Hotel
1974Dobie GrayHey, Dixie
1981Ronnie HawkinsLegend In His Spare Time
1986Tim Krekel/The SluggersOver The Fence
1996Wayne PerkinsMendo Hotel
1998Jack HollandThe Pressure's All Mine
1999Albert WashingtonAlbert Washington with Lonnie Mack (rec. 1967)
2000The Crudup BrothersFranktown Blues
2006The CharmainesGigi & The Charmaines (rec. 1962-1963)
2007Stevie Ray VaughanSolos, Sessions & Encores (live version of «Double Whammy» rec. 1985)

Kjelder

🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landCarles PuigdemontSpesial:SøkSpesial:Siste endringarWikipedia:AtterhaldJonsokKrøllalfaPer PaustAndre verdskrigenBieMidsommarØresundbruaDet norske alfabetetGro Harlem BrundtlandBelgiaMastodontWikipedia:KontaktWikipediaLønnSvartifossIngerid StenvoldNasjonaldyrKleopatraVM i fotball 2022IslandEM i fotball 2024Google MapsTidvasskraftEM i fotball 2021TysklandFrankrikeRusslandNoregTrygve Slagsvold VedumN'Golo KantéJa, vi elsker dette landetEuropaTete Lidbom