Logan Bailly

belgisk fotballspelar

Logan Bailly (fødd 27. desember 1985 i Liège) er ein belgisk fotballspelar som har spela som keeper for Neuchâtel Xamax i den sveitsiske toppdivisjonen, på lån frå Borussia Mönchengladbach i den tyske Bundesligaen. Han har òg landskampar for Belgia.

Logan Bailly
Personleg informasjon
Fødd27. desember 1985
FødestadLiège
Høgd190 cm
PosisjonKeeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Neuchâtel Xamax
Nummer24
Ungdomsklubbar

-1999
1999-2002
Belgia Cheratte
Belgia RFC Liége
Belgia Standard Liège
Seniorkarriere*
ÅrLagKampar (Mål)
2002-08
2003-04
2009-
2011-
Belgia Genk
Belgia Heusden-Zolder (lån)
Tyskland B. M'gladbach
Sveits N. Xamax (lån)
78 (0)
16 (0)
61 (0)
0 (0)
Landslag
2009-Belgia Belgia8 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 2. juli 2011

Bailly spelte for Genk frå 2002 til 2008 og vart klubben sin førstekeeper i 2006/07-sesongen. I desember 2008 gjekk Bailly til Borussia Mönchengladbach, der han vart kåra til årets spelar i 2008/09-sesongen, sjølv om han berre spelte halve sesongen. Han debuterte for Belgia sitt A-landslag 10. oktober 2009 i ein kamp mot Tyrkia.