Linda

kvinnenamn

Linda er eit kvinnenamn med fleire moglege opphav. Det kan koma frå det spanske linda, som tyder 'vakker', eller frå namn som sluttar på -linda, eit germansk namneledd som tyder 'mjuk' eller 'bøyeleg' (sjå Linn). Linda kan også vera eit slektsnamn.

Linda Lingle, guvernør for Hawaii.

Namnet var mykje brukt for norske jenter fødde frå 1970- til 1990-talet.Linda har namnedag den 13. mai i Noreg og den 20. juni i Sverige.Namnet kan også skrivast Lynda. Lindis er ein variant av namnet. Lindsay kan også knytast til Linda.

Namneberarar

Linda Tjørhom (seinare Grubben) i 2006.
Foto: Bjarte Hetland
  • Linda Darnell (1923–1965), USA-amerikansk filmskodespelar
  • Linda McCartney (1941–1998), USA-amerikansk fotograf og musikar, gift med Paul McCartney
  • Linda Fiorentino (f. 1960), USA-amerikansk skodespelar
  • Linda de Mol (f. 1964), opphavleg Margaretha de Mol, nederlandsk skodespelar og mediekvinne
  • Linda Evangelista (f. 1965), kanadisk modell
  • Linda Medalen (f. 1965), norsk fotballspelar
  • Linda Brava (f. 1970), opphavleg Linda Lampenius, finsk felespelar
  • Linda Grubben (f. 1979), norsk skiskyttar

Kjelder