Lidija Skoblikova

Lidija Pavlovna Skoblikova (fødd 8. mars 1939) er ein russisk tidlegare skeiseløpar frå Zlatoust som representerte Sovjetunionen. Ho vann i tida 1960-64 seks olympiske gullmedaljar og vart verdsmeister to gongar.

Lidija Skoblikova

StatsborgarskapSovjetunionen, Russland
Fødd8. mars 1939 (85 år)
Zlatoust
Yrkeskøyteløpar
Språkrussisk
Høgd163 centimeter
Politisk partiSovjetunionens kommunistiske parti
Lidija Skoblikova på Commons

Skoblikova vann dei to lengste distansane, 1500 meter og 3000 m, under dei olympiske vinterleikane 1960 i Squaw Valley. Etter å ha vorte nummer tre i skeise-VM tre år på rad, 1959-61, kleiv ho opp på andreplass då VM 1962 fann stad i Imatra, slått einast av landskvinna Inga Voronina. Året etter var rollene omsnudd og Skoblikova viste seg som verdas suverent beste kvinnelege skeiseløpar i både 1963 og 1964, med VM-gull begge sesongane. Under Vinter-OL 1964 i Innsbruck vann ho samtlege fire distansar i skeisetevlingane for kvinnene.

Kjelder