Let's Go Get Stoned av The Coasters

Let's Go Get Stoned
av Ray Charles
frå albumet Crying Time
B-side

«The Train»

Utgjeve1966
SjangerR&B
Lengd2:57
SelskapABC
Låtskrivar(ar)Nickolas Ashford, Valerie Simpson, Josephine Armstead
ProdusentJoe Adams
Ray Charles-kronologi 
«Together Again»
(1966)
Let's Go Get Stoned«I Don't Need No Doctor»
(1966)


«Let's Go Get Stoned» er ein song opphavleg spelt inn av The Coasters i mai 1965.[1] Han vart skriven av Nickolas Ashford, Valerie Simpson og Josephine Armstead.

Songen gjekk til topps på R&B-lista i 1966 med ein versjon av Ray Charles.[2] Singelen kom ut berre kort tid etter Charles kom ut etter rehabilitering for eit 16 år lang heroinmisbruk. Charles høyrde ei innspeling frå 1965 av songen av den framtidige countrystjerna Ronnie Milsap. I følgje Milsap likte Charles versjonen hans så godt at han valde å spele inn songen sjølv. Songen er ein av dei første suksessrike songane Ashford & Simpson skreiv i lag. Duoen skreiv òg Charles sin «I Don't Need No Doctor».[3]

Andre versjonar

  • Manfred Mann spelte inn songen på EP-en No Living Without Loving, som toppa EP-lista i Storbritannia i desember 1965.
  • The Amboy Dukes spelte inn ein versjon i 1967 på det sjølvoppkalla albumet sitt.[4]
  • James Brown gav ut ein versjon av songen på singel.[5]
  • Booker T & The MGs spelte inn songen i 1968 på albumet sitt Doin' Our Thing.
  • Big Mama Thornton spelte inn songen i 1969 på albumet Stronger Than Dirt.[6]
  • Joe Cocker spelte songen fleire gonger på konsertar, mellom anna på Woodstockfestivalen i 1969.
  • The Derek Trucks Band har spelt songen på konsertar.
  • Billy Preston spelte inn songen på albumet Live European Tour som kom i 1974.
  • Lowell Fulson spelte inn songen under namnet Lowell Fulsom i 1968 på albumet Now.
  • Bonnie Bramlett spelte inn songen på albumet Lady's Choice Capricorn Records (1976)
  • Atlanta Rhythm Section spelte inn ein versjon på albumet Underdog

Salslister

Liste (1966)Plassering
U.S. Billboard Hot 10031
U.S. Billboard Hot R&B Singles1

Kjelder

Bakgrunnsstoff