Lagos
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Lagos i Portugal.
Lagos (joruba Èkó) er den største byen i Nigeria og ein av dei største i Afrika. Byen var tidlegare hovudstad i Nigeria, men vart erstatta av Abuja i 1991.
Lagos | |||
Èkó | |||
by | |||
Lagos sett frå Ikoyibukta. | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 1 171,28 km² | ||
Folketal | 15 070 000 (21. mars 2022)[1] | ||
Tidssone | WAT | ||
![]() Lagos 6°27′N 3°24′E / 6.45°N 3.4°E | |||
Wikimedia Commons: Lagos, Nigeria |
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ec/Market_in_Lagos%2C_Nigeria.jpg/220px-Market_in_Lagos%2C_Nigeria.jpg)
Lagos ligg ved Guineabukta, delvis på dei to øyane Lagos Island og Iddo mellom Beninbukta og Lagoslagunen. Dei ulike bydelane er bunde saman av bruer og vegar bygd på demningar.[2]
Historie
Lagos Island blei folkesett på midten av 1600-tallet, og blei eit blomstrande handelssenter for mellom anna den transatlantiske slavehandelen. Byen kom under britisk kontroll i 1861, og var frå 1866 til 1874 del av Britisk Vest-Afrika og seinare Gullkysten. I 1906 blei området innlemma i Sør-Nigeria. Lagos var hovudstad for Nigeria frå 1914 (frå 1954 som føderalt distrikt).[2]Han blei erstatta som delstatshovudstad i Lagos State i 1975, då Ikeja fekk denne funksjonen. I 1991 blei statusen som hovudstad for heile landet overført til Abuja.[3] I ein overgangsperiode heldt Lagos på mange av hovudstadsfunksjonane, men desse blei etterkvart flytta.[2]
Geografi og økonomi
Lagos er ein viktig hamneby, og står for ein stor del av utanrikshandelen til Nigeria. Han har ei hamn i sjølve byen og moderne hamner på Tin Can Island og på fastlandet i bydelen Apapa. I Apapa byrjar også jernbanelinja som går nordover til Kano og Nguru. Her ligg også mesteparten av industrien, som omfattar næringsmiddel-, tekstil-, sko-, såpe-, karosseri- og sementfabrikkar. Den internasjonale lufthamna ligg nord for Lagos, i delstatshovudstaden Ikeja.
Lagos er også ein av verdas raskast veksande byar. I 1950 hadde han berre 290 000 innbyggjarar.I 2016 hadde storbyområdet Lagos rundt 13 123 000 innbyggjarar (estimat for 2015, SN sin befolkningsdivisjon).[2]Den kraftige veksten har ført til store pressproblem og vanskelege trafikkforhold.[2]
Kultur
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/04/Water_House_island.jpg/220px-Water_House_island.jpg)
Lagos er sete for nasjonalmuseet og nasjonalbiblioteket i Nigeria.
Byen er kjend for eit rikt natteliv.[4][5] Han har vore årestad for ei rekkje ulike musikkstilar, som sakaramusikk, nigeriansk hip-hop, highlife, juju, fuji og afrobeat.[6]
Lagos er sentrum for den nigerianske filmindustrien, som ofte blir kalla «Nollywood». Mange filmar blir laga i Festac i Lagos.[7]Idumota-marknaden på Lagos Island er den største distribusjonsstaden. I Iganmu ligg National Arts Theatre, eit hovudsenter for utøvande kunst i Nigeria.
Utdanning
University of Lagos (UNILAG) blei skipa i 1962.Delstatsuniversitetet Lagos State University (LASU) er eit universitet med fleire campusar som blei skipa i 1984.Pan-Atlantic University er eit privat universitet som byrja som Lagos Business School (LBS) i 1991.National Open University of Nigeria blei opna i 2002.Caleb University er eit privat universitet frå 2008.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad
Denne geografiartikkelen som har med Nigeria å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.