Kvinnheringen

Kvinnheringen er ei avis som vert utgjeven i Kvinnherad kommune i Vestland fylke. Kvinnheringen kjem ut tirsdag og fredag.

Fyrste utgåve av Kvinnheringen kom ut onsdag 3. januar 1973. Utgjevar var Kristian Hus og redaktør var Torfinn Myklebust. Hovudkontoret ligg på Husnes.

1. september 1998 overtok A-pressen avisa. A-pressen endra i 2012 namn til Amedia, og er det nest største mediekonsernet i Norge. Kvinnheringen er framleis ei upolitisk og uavhengig avis.

Kvinnheringen blei i 2015 kåra til Europas beste lokalavis i European Newspaper Awards i Wien. 196 aviser frå 26 land deltok i konkurransen.

Redaktør og dagleg leiar er Mona Grønningen (2023).[1]

Avisa Grenda kjem ut i Rosendal og konkurrerer med Kvinnheringen om å vera lokalavis for Kvinnherad.

Opplagstal

Utvikling i nettoopplag.[2]

ÅrNettoopplag
20004 806
20014 539
20024 478
20034 533
20044 605
20054 545
20064 542
20074 595
20084 571
20094 502
20104 458
20144 143

Kjelder

Bakgrunnsstoff