Kvernes

Kvernes er ei bygd og ein tidlegare kommune i noverande Averøy kommune. Bygda ligg langs fylkesvegen som går langs fjorden på sør- og austsida av Averøy, og er særleg kjend for stavkyrkja, Kvernes stavkyrkje.

Kvernes
stad
Land Noreg
FylkeMøre og Romsdal
KommuneAverøy
Postnummer6530 AVERØY
Kart
Kvernes
63°00′22″N 7°43′31″E / 63.006111111111°N 7.7252777777778°E / 63.006111111111; 7.7252777777778
Stavkyrkja på Kvernes.
Foto: Frode Inge Helland

Prestegjeld på Nordmøre

Kvernes har i fleire hundre år vore prestegjeld for blant anna sokna Kvernes, Kornstad og Bremsnes på Averøya. Tidlegare var også delar av det som i dag er Eide kommune og Kristiansund kommune med i Kvernes prestegjeld.

Tidlegare kommune

Kvernes er ein tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke oppretta som Kvernes formannskapsdistrikt i 1837. Folketeljinga for 1835 viste 3.811 innbyggjarar.[1]

  • 1. januar 1878 blei ein del av Bud med 15 innbyggjarar overført til Kvernes. Det er uklart kor vidt dette gjaldt Kvernes sogn og/eller Kvernes kommune.
  • 1. januar 1891 blei garden Bollien i Bud med 15 innbyggjarar overført til Kvernes kommune.
  • 1. september 1893 blei grensene i Kvernes, Frei og Øre kommunar justert og Gjemnes oppretta som eigen kommune. 477 innbyggjarar frå Kvernes blei overført til den nye kommunen.
  • 1. januar 1964 blei Kvernes kommune og det meste av Kornstad og Bremsnes kommunar slått saman til Averøy kommune. Kvernes hadde ved samanslåinga 693 innbyggjarar.

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for tidlegare Kvernes kommune frå 1897 til 1964:

1.1.1897[2]1910[3]1.12.1920[4]1.12.1930[5]3.12.1946[5]1.1.1951[6]1.1.1961[6]1.1.1964[2]
857768762760812803724693

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff