Kryssfiner

(Omdirigert frå Kryssfinér)

Kryssfiner er ein type konstruksjonsvirke som er laga ved at tynne lag av finer er limt lagvis saman. Til vanleg slik at fibrane i kvart lag ligg 90 grader på kvarandre. Oftast er det og med eit odde tal lag, slik at plata får best mogleg eigenskapar mot å slå seg.[1] Dermed kjem også fibrane i dei ytste laga normalt til å ligge parallelt. Platene vert limde saman, oftast med eit fenol-formaldehydlim under stort trykk.[2] Dette gjer kryssfiner til eit slags komposittmateriale.[3]

Vanleg konstruksjonskvalitet
Puslespelet Tårnet i Hanoi konstruert i kryssfiner. Legg merke til at det lyse ytre laget er av høgkvalitetsfiner medan den mørkare kjernen her er av dårlegere kvalitet.

Ei vanleg grunngjeving for å bruke kryssfiner i staden for heiltre eller stavlimt heiltre, er evna til å motstå sprekking, krymping og vriding. Ofte er også kryssfiner sterkare enn heiltre.

Kryssfiner i bjørk.

Bruk

Kryssfiner vert brukt i mange samanhengar der ein treng ei sterk plate som kan motstå sprekking, krymping og vriding. Kryssfiner kan og inngå som berande element som til dømes i ytterflata på ei flyveng. Kryssfiner kan framstillast med dobbelkrumme flater og vere heilt sjølvberande som i skroget på ein sculler. Kryssfiner har vore brukt i båt- og flyindustrien sidan andre verdskrigen. Eit kjent døme er det britiske bombeflyet De Havilland Mosquito som i all hovudsak var laga i tre.

Sjå og

  • Sponplate
  • MDF

Kjelder

Bakgrunnsstoff

🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landSpesial:SøkSpesial:Siste endringarØresundbruaNasjonaldyrVM i fotball 2022Det engelske herrelandslaget i fotballIngerid StenvoldAndre verdskrigenNicole KidmanTete LidbomWikipedia30. novemberFjellfolkVM i fotball 1966Wikipedia:KontaktEM i fotball 2004Sigrid HenjumEuropaCristiano RonaldoHotel Union ØyeEM i fotball 2021Det norske alfabetetKarsten WarholmTübingenVictoria av SverigeWikipedia:OmAnne-Sophie MutterSpeleautomatFrankrikeVaniljerotOlympiastadion i BerlinLønnGardasjøenKrøllalfaKnut den mektigeSynne VoHjelmelandsvågen