Kommunevåpen
Kommunevåpen er eit heraldisk våpen i form av skjold, flagg eller eller fane brukt som symbol for ein kommune. I Noreg bruker både primærkommunar og fylkeskommunar våpen som uttrykk for kommunalt sjølvstyre.
I Noreg er byvåpen kjende sidan 1500-talet. Frå 1920 blei det arbeid med systematisering av slike våpen for byar og etterkvart kommunar. Dei fleste norske kommunar har i dag kommunevåpen som følgjer heraldisk terminologi og som ikkje kan forvekslast med andre våpen. Nokre få har ikkje-godkjende våpen; desse kan ikkje brukast som flagg. Berre kommunen har bruksrett til våpenet sitt, og det er rettsleg verna mot misbruk i reklame og liknande.
Sjå òg
- Landskapsvåpen
Kjelder
🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landCarles PuigdemontSpesial:SøkSpesial:Siste endringarWikipedia:AtterhaldJonsokKrøllalfaPer PaustAndre verdskrigenBieMidsommarØresundbruaDet norske alfabetetGro Harlem BrundtlandBelgiaMastodontWikipedia:KontaktWikipediaLønnSvartifossIngerid StenvoldNasjonaldyrKleopatraVM i fotball 2022IslandEM i fotball 2024Google MapsTidvasskraftEM i fotball 2021TysklandFrankrikeRusslandNoregTrygve Slagsvold VedumN'Golo KantéJa, vi elsker dette landetEuropaTete Lidbom