Kokain

kjemisk sambinding

Kjemisk struktur
Kokain

CAS-nummer
50-36-2
ATC-nummer
{{{ATC}}}
Metabolismelever
Halveringstid1 time
UtskiljingNyrene/urin
Administrasjonsformoral, IV, gjennom lungene, sniffing, gjennom huda, PO

Kokain (bensoylmetylekgonin) er eit alkaloid som ofte vert misbrukt som eit narkotikum. Kokain vert utvunne av blad frå kokabusken (Erythroxylon cocae), som veks i Sør-Amerika, særleg i Bolivia, Colombia og Peru. Namnet kokain kjem frå plantenamnet koka pluss alkaloidsuffikset -in, på folkemunn er stoffet kalla «cola», «Charlie», «blow», «snø» eller «pudder».[1]

Kokain stimulerer sentralnervesystemet og minkar kjensla av svolt. Stoffet gjev ei sterk kjensle av lukke og mykje energi.[2] Sjølv om kokain i dag i hovudsak vert misbrukt som rusmiddel, kan det elles i sjeldne tilfelle verta nytta til lokalbedøving ved operasjonar i augo, halsen eller nasa.

Narkotikum

Kokain er eit stoff det er sterkt vanedannande, og har ei særs sterk brukarbinding.[3] Stoffet står på den norske narkotikalista[4] og stoffet er soleis forbode i Noreg. Stoffet står òg på dopinglista til antidoping-byrået WADA og Antidoping Norge.

Kokain kan takast på fleire ulike måtar: med sprøyte, sniffast gjennom nasa, røykjast, takast opp gjennom huda – til dømes i munnen eller ved svelging. Kroppen reagerer med høgare blodtrykk, og omfattande bruk kan føra til hjarteinfarkt.

Historie

Dei oppkvikkande og svoltdempande effektane til kokablada har vore kjende i fleire hundre år før forskarane klarte å isolera den aktive substansen i 1859. I rein form er effekten av kokain langt sterkare enn i kokablada. Stoffet vart etter kvart teke i bruk som rusmiddel, og mange store intellektuelle, kunstnarar og musikarar har nytta kokain, mellom anna Sigmund Freud.[5] Fram til 1929 kunne ein finna spor av kokain i Coca-Cola.[6]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Kokain
Commons har multimedium som gjeld: Kokain