Kharybdis

Kharybdis (gresk Χάρυβδις) er eit farleg sjøuhyre i gresk mytologi og dikting som truga sjøfarande. I Odysseen forvandla Kharybdis seg til ein malstraum og prøvde å gjera seg av med Odyssevs ved å pressa han mot klippedemonen Skylla.

Kharybdis

MorGaia
FarPoseidon

Farene på havet

Gravering frå 1800-talet av Messinasundet, staden som var knytt til Skylla og Kharybdis.
Messinasundet med Sicilia til venstre og det italienske fastlandet til høgre.

Sjøuhyret Kharybdis levde under eit lite berg på den eine sida av eit smalt sund. På motsett side budde Skylla, eit anna sjømonster under eit langt større berg. Begge sidene av sundet er innanfor skotvidda av ei pil, og sjøfolk prøvde såleis å unngå komma for nært nokre av dei. «Mellom Skylla og Kharybdis» blei eit fast ordtak om å velja mellom to vonde. Tre gonger om dagen svelgde Kharybdis store mengder med vatn før ho bles det ut igjen og skapte såleis ein stor malstraum som var i stand til å trekkja eit skip under vatn. I ein variant av forteljinga er Kharybdis ein stor malstraum eller inkarnasjonen av denne.

Ein seinare myte har gjort Kharybdis til ei dotter av Poseidon og Gaia, og ei svært grådig kvinne. For å tilfredsstilla appetitten sin stal ho krøtter frå Herakles. Dette gjorde Zevs sint, og han forvandla henne til eit monster som straff.[1]

Seinare, stranda på ein flåte, blei Odyssevs sogen tilbake gjennom sundet for å møta Skylla og Kharybdis atter ein gong. Denne gongen passerte han nær Kharybdis. Tømmerflåten hans blei sogen inn i magen til Kharybdis, men denne gongen overlevde han ved å klamra seg til fikentre som voks på eit berg over bolen hennar. På det neste utstrøyminga av vatn blei flåten hans send ut, og Odyssevs fekk tak i han og padla trygt av stad.

Den teoretiske storleiken på Kharybdis er uklar, men for å kunna ta ned greske skip måtte malstraumen ha vore minst tjue meter på tvers. Kharybdis har vore knytt til Messinasundet mellom sørlege av Italia og Sicilia.[2] Kvar Kharybdis er lokalisert her er i sambandet med malstraumen som faktisk eksisterer, på grunn av havstraumar som møter kvarandre, men han er sjeldan farleg.

Ettersom myten om Skylla og Kharybdis er gresk, eksisterte myten før Messinasundet blei rekna som bustaden deira og etter at grekarane oppdaga sundet og såleis nytta gamle mytar på ein ny stad. Odysseen antydar at det var avgrensa kunnskap om den vestlege delen av Middelhavet om den tida skildra i eposet. Også den greske forteljinga om Jason og argonautane inneheld figuren Skylla. Sundet mellom det greske fastlandet og øya Lefkada er blitt foreslått som ein tidlegare stad for myten.

I den antikke litteraturen

James Gillrays sin satiriske vitseteikning «Britannia mellom Skylla og Kharybdis eller konstitusjonsfarkosten blir styrt klar av demokrati-klippen og malstraumen av vilkårleg makt» (Britannia between Scylla & Charybdis. or — The Vessel of the Constitution steered clear of the Rock of Democracy, and the Whirlpool of Arbitrary-Power) frå 1793 viser korleis Storbritannia styrer mellom revolusjonært demokrati og diktatur.

Odysseen

Mange stader i eposet får Odyssevs hentydingar om anstrengingane til Poseidon og havmonster fleire stader i havet. Odyssevs møter både Skylla og Kharybdis medan han ror gjennom eit trongt sund. Han gjev mennene sine ordre om å unngå Kharybdis, noko som fører dei nærare Skylla og seks av mennene hans blir drepne.

Seinare er Odyssevs stranda på ein tømmerflåte og blir feia gjennom sundet for å møta Skylla og Kharybdis for andre gong. Denne gongen passerer han nær sistnemnde. Flåten hans blir sogen inn i magen til uhyret, men han overlever ved å klyngja seg til eit fikentre som veks på berget over bolen hennar. Ved den neste straumen av vatn ut frå uhyret blir flåten hans send ut igjen, Odyssevs kjem seg på han og padlar av stad til tryggleiken.

Jason og argonautane

Helten Jason og argonautane hans var i stand til å unngå farane då dei fekk rettleiing av gudinna Thetis, ei havnymfe som var dotter av havguden Nerevs.

Meteorologika av Aristoteles

Filosofen Aristoteles fortel ei historie om Æsop i konflikt med ein ferjemann og terga han med ei soge om Kharybdis. Med ein gulp frå havet førte ho fjella innanfor synsvidd; ein ny gulp synte fram øyar. Ein tredje gulp ville tørkeleggja sjøen heilt, og gjera ferjemannen arbeidslaus.[3]

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Kharybdis