Kaupanger

(Omdirigert frå Kaupanger sokn)

Kaupanger er ei bygd, ein tettstad og eit sokn i Sogndal kommune i Vestland. Tettstaden har 1 075 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Kaupanger
stad
Land Noreg
FylkeVestland
KommuneSogndal
Areal1,08 km²
Folketal 1 075  (2023)
Folketettleik995 / km²
Postnummer6854 KAUPANGER
InnbyggjarnamnKauping
Preposisjon Kaupanger
Kart
Kaupanger
61°11′04″N 7°14′32″E / 61.184444444444°N 7.2422222222222°E / 61.184444444444; 7.2422222222222
Wikimedia Commons: Kaupanger
Kaupanger stavkyrkje
Foto: Sean Hayford O'Leary
Sognefjorden sett frå fjellet Storehaugen, Amlabukti til venstre.
Foto: Thomas Mues

Kaupanger er mellom anna kjend for Kaupanger stavkyrkje, bygd på midten av 1100-talet. På Kaupanger ligg også museet De Heibergske Samlinger og Sogndal lufthamn, Haukåsen.

Kaupanger vart i mellomalderen ein handelstad, ein kaupang, av dette kjem namnet.

Delområde

Kaupanger delområde femner austre delen av Sogndal kommune, det vil seie området på austsida av Norefjorden, med unntak av grunnkrinsen Fimreite som høyrer til Norum delområde. Ved folketeljinga i 2001 budde det 2122 personar i delområdet, fordeld på 724 i grunnkrinsen Barsnes/Loftnes/Kjørnes, 562 i grunnkrinsen Valberg/Skogen og 836 i grunnkrinsen Kaupanger. I grunnkrinsen Haukåsen budde det ingen.[1]

Kyrkjesokn

Kaupanger er òg eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Kaupanger stavkyrkje er soknekyrkje.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Fotnotar

Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.