Karius og Baktus
Karius og Baktus er ei forteljing av Torbjørn Egner om to små tanntroll som gjer livet surt for ein gut, Jens, fordi dei hakkar og lagar hol i tennene hans. Forteljinga var eit ledd i å forbetre tannhelsa blant barn og unge i etterkrigstida, og gjorde eit varig inntrykk på mange born og unge.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/9c/Egner_Karius_og_Baktus.jpg/220px-Egner_Karius_og_Baktus.jpg)
Soga om Karius og Baktus er ein moraliseranede fabel om kva som kan skje om ein ikkje tek vare på tennene sine, men ho skil seg ut ved å vera fortald frå dei ganske likandes skurkane si side.
Forteljinga om Karius og Baktus var først eit høyrespel, men kom ut som illustrert barnebok i 1949. Ivo Caprino gjorde henne seinare om til animasjonsfilm. Ei nynorsk omsetjing av Halldis Moren Vesaas kom i 1978.[1]
Namna på dei to trolla er inspirert av karies og bakterie. Karius har svart hår og Baktus har raudt hår.