Karaš

Karaš (serbisk Караш) eller Caraş (rumensk) er ei 110 km lang elv i regionen Banat i Serbia og Romania, og ei sideelv til Donau frå venstre.

Karaš (Караш)
Caraş
elv
Karaš nær Dobričevo i Serbia
Land Romania,  Serbia
Nedslagsfelt1 400 km²
Lengd110 km
KjeldeAninafjella
MunningDonau
Kart
Karaš
44°49′31″N 21°20′29″E / 44.8253°N 21.3414°E / 44.8253; 21.3414
Wikimedia Commons: Karaš

I romartida vart elva kalla Apo, frå det trakiske ordet som tyder «vatn».

Caraş spring ut i Aninafjella, nordaust for byen Anina i Romania, og nær kjeldene til elvane Bârzava og Nera. Ho renn gjennom Romania i 50 km og først nordover, mfør ho snur sørvestover. Ho renn inn i Serbia og Vojvodina. Etter å ha passet austsida av Zagajicaåsane er Karaš kanalisert og ein del av den siste delen av Donau-Tisa-Donau-kanalen. Ho munnar ut i Donau nær landsbyen Stara Palanka, like ved turiststaden Ram.

Karaš drenerer eit område på 1400 km².

Kjelder