Kakao
Kakao er eit næringsmiddel framstilt av frukta til kakaotreet (Theobroma cacao). Det kan seljast i pulverform, som ein ferdig drikk eller omforma til produkt som sjokolade, bakverk, sausar og anna.
Ordet «kakao» kjem frå tysk Kakao av fransk og spansk cacao[1] som er avleidd frå nahuatlordet cacahuatl.[2]
Produksjon
Kakaotreet er ein tropisk plante som stammar frå Sør-Amerika.[3] Det er seinare blitt dyrka i andre delar av Amerika, Asia og Afrika. Dei største produksjonslands i 2004 var Elfenbeinskysten, Ghana, Indonesia, Nigeria, Brasil og Kamerun.[3]
Kakaopulver blir laga ved å mala kakaobønner og skilja ut kakaosmøret.[4][5]
Bruk
Drikken kakao eller varm sjokolade vert laga med kakaopulver og sukker blanda med mjølk eller vatn.[1]
Kakao er ein viktig del i ulike former for sjokolade, med større del kakao i mørk sjokolade og mindre i mjølkesjokolade.
Ingrediensen vert òg brukt i ulike typar bakverk, både i rører og til glasur, til dømes i mange former for sjokoladekake. Han er også viktig i mange typar iskrem.
Særleg i mesoamerikansk matlaging blir kakao brukt til å laga fleire ikkje-søte matrettar og drikkar, som sausen mole og drikken tejate.
Næringsstoff
Kakao inneheld mykje antioksidantar i tillegg til alkaloida teobromin og koffein.
Det finst 1,4–2,5 % teobromin i embryoet og 0,3–1 % i skalet til bønna. Koffeininnhaldet er 0,1–0,8 %. Andre bestanddelar er feitt (kakaosmør) 40–56 %, stivelse 7–17 % og proteinar.[3]